Gå til innhold
  • blogginnlegg
    5
  • kommentarer
    3
  • visninger
    2 099

Ruging mai 2013


Bondetutta

989 visninger

Endeleg var det tid for å skaffe seg høner igjen!

Sidan eg bestemte meg for å ha forskjellege rasar, i staden for Lohman eller tilfeldige blandingar, var det å skaffe seg rugeegg. Valet fall på Islandsk landhøns og Jærhøns. Rugeegg av Jærhøns var det vanskeleg å få tak i, så blir nok til at eg kjøper inn kyllingar frå Hvam.

Egg av Islandshøns fikk eg tak i frå Spurven (http://www.aunhaugen.com) og då fikk eg nokre DK (Dverg Kochin eller Dverg Kineserar, som eg likar å kalle dei, då eg ikkje klarar å uttale namnet :tongue:) egg attpå! *Hurra!*

Egga vart sendt måndag 13.mai, og var vel framme 14.mai. Eg var så glad at eg hoppa opp og ned av lykke! :D :D Så var det den store tolmodigheitsprøva med å la egge kvile før rugestart. Heldigvis var ikkje rugemaskina ledige endå, så det var ikkje noko valg.

Rugemaskin låner eg frå ein nabo. Rett før eg lånte den, var den til utlån på barneskulen, klekkeresultatet der var 1 av 15, og den som kom var attpåtil missdanna og måtte avlivast. Resten hadde dødd rett før klekking :embarrassed:

Så eg er nokså nervøs med tanke på ruginga, haha, skikkeleg hønemor :wink: Min kjære ristar berre på hovudet når eg sjekkar maskina for 5.gong i løpet av ein formiddag... :rolleyes:

Det er ei gammal Octagon20 med vendevugge. Men vendaren er øydelagt, så er manuell vending. Termostaten og fuktmålaren stolar eg ikkje på i det heile teke. Bestile ein ny(kvelden 16.mai, med 4 fridagar rett etter på = dum ide), men hadde sjølvsagt ikkje tolmod til å vente på at den kom i posten. Fikk låne ein fuktmålar av ein anna nabo, av typen som målar temp og fukt på forskjellege stadar, med forskjellege sensorar(liknande inne og ute temp målar), kanskje ikkje det beste, men betre enn det eg hadde.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Rugestart: laurdag 18.mai, ca kl.12.

"Termin": laurdag 8.juni.

Egga står fint med den spisse enden ned, på rekke og rad. I rad nr.1 er dei 3 DK egga. I rad nr.2 og nr.3 er det 7 islandsegg i kvar.

Vendig morgon og kveld.

Vatn vert kun fylt på om fukt% går ned mot 20.

Temp. ligg på rundt 36-38grader (stort sett på 37grader).

Har eit teppe rundt nedre del av maskina, for å halde temperaturen stabil (må heilgardere meg).

Ventilen(eit hol på str med ein blyant) er heilt open.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

22.05.13 Lysing av egga! (dag 4)

Har ikkje eggelysar, men prukar ei sterk lommelykt og ein rull med sportstape.

(namna på egga er det som står på egga, og rekkefølga er ut i frå radene)

12DK = blodårer

7t = blodårer

9T = blodårer

*Ny rad:

i8 = uvisst/litt blodårer? (litt tjukk blodstrek med ein tynn blodstrek)

i9 = blodårer

i9 = liten flytande prikk (+ mørkare felt >plommen?)

i9 = blodårer

i10 = blodårer

i10 = blodårer

i11 = blodårer

*Ny rad:

i12 = blodårer

i11 = mørkt område ("skugge")

i12 = liten flytande prikk

i12 = flytande mørkt område, med spor av blodårer?

i13 = blodårer

i13 = blodårer

i5 = blodårer, litt uvisst.

Dverghøns:

3 av 3 egg med blodårer.

Islandshøns:

14egg, 8med blodårer, 3usikkre, 3 tvilsomme.

11 av 17 ser veldig lovande ut! :smiley:

Resten lar eg ligge for å sjå om det vert noko endring.

--------------------------------------------------------------------------------------

23.05.13 Lysing av dei mest tvilsomme egga (dag 5)

i11 = blodstrek (litt tjukk blodstrek med ein tynn blodstrek. Slik som i8 hadde på dag 4)

i12 = blodårer, mulegens litt få

i12 = mørk prikk/felt

i5 = blodårer, mulegens litt lite

Lar dei ligge og håpar på det beste.

---------------------------------------------------------------------------------------------

Lyste litt sporadisk på enkelte egg:

i8 hadde meir/større blodårer ved 1veke, men dei var rare (ikkje slik som "skikkelege" skulle vere).

den av i9 egga som var tvilsomt hadde ikkje endra seg ved 1veke, og vart notert som truleg dødt.

Dag 8 var det liv i begge i13 egga (såg blodet pumpe i blodårene).

Har fortsatt ikkje fjerna nokon av egga.

----------------------------------------------------------------------------------------

I dag, 28.05.13 (dag 10), systematisk lysing av alle egga og utplukking av ev. dårlege egg.

12DK = liv

9T = liv

7t = liv

*Ny rad:

i8 = daud (som frykta)

i9 = liv

i9 = daud (som frykta)

i9 = liv

i10 = daud! (uventa :sad:)

i10 = liv

i11 = liv

*Ny rad:

i12 = liv

i11 = daud (som frykta)

i12 = daud (som frykta)

i12 = daud (som frykta)

i13 = liv

i13 = liv

i5 = liv!! (hadde ikkje trudd det! :cheesy:)

Fjerna då dei 6daude egga, to av dei såg ut til å ha fosterklump i seg (ein svart skugge/flekk), medan resten truleg var begynt å rotne (meir ein flytande grå masse). Opna ikkje egga.

:blank: DK:

3 av 3 levande

:blank: Islandshøns:

8 av 14 levande, 6 daude.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Så slik er statusen i kveld. Eg kryssar fingrane og håpar at alle egga fullførar prosessen, slik at det vert 11kyllingar neste helg. Vi får sjå kva som skjer.

Har tenkt å la egga vere nokelunde i fred, og heller lyse på dag 18, når skilleveggane skal fjernast.

Her er egga etter utsorteringa.

Ein kan sjå dei tre fuktmålerane og ein liten blå boks eg har vatn i (lettare å fylle enn dei spora i botnen av maskina).

blogentry-0-0-98888600-1369775161_thumb.

Og eine temperaturmålaren (rett etter at maskina har vore opa).

blogentry-0-0-36118100-1369775169_thumb.

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

Gjest
Skriv en kommentar...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...