Jump to content
  • entries
    16
  • comments
    16
  • views
    3,617

About this blog

Kos på tunet

Entries in this blog

Lager Islykter

Sidan vi no har minusgrader ute, har eg laga nokre islykter av ballong, det er så artig å sjå resultatet. Denne eg har lagt ut bilde av er nesten litt eventyrlig, fantastisk effekt, eg fylte ballongen med is kaldt vatn i varmt vatn, derfor får overflata slikt mønster. Skal verte artig å sjå dei andre...

Prisilla

Prisilla

Høne sadel

Syr høne sadel på bestilling, har også planar om ein regn sadel. Sommer sadel Pris 120,- Frakt kjem i tillegg. Høne i myting med sommer sadel. Vinter sadel i boblestoff med ull innvendig. Pris 140,- Frakt kjem i tillegg. Innsida av vinter sadel- deilig ull. Høne i myting med vinter sadel.

Prisilla

Prisilla

Her skjer det.

Fekk meg litt av eit sjokk då eg kom i fjøsen i dag. Endene trur visst det er vår og har laga seg eit fint reir i eit hjørne. I reiret låg det 3 egg. Synd det er feil årstid og eg ikkje har ein make til desse to damene. Den andre overaskelsen i dag er at det låg eit lite fint egg inne hos Jumbo vaktlane, gjett om eg var glad...WIII!!! Jumbo vaktel egg, hønse egg og egg av and. Eg har også gått over silke hanane mine. Dette er Sølve, den einaste kvite silkehanen eg har, han er flott men h

Prisilla

Prisilla

Bygging på gang.

Har bestemt meg for å ta i bruk delar av fjøsen sidan den no er tom for dyr. Eg har valgt å bruke den minste delen på ca 70 kvm sidan dette er ein kaldfjøs. Slik tenkjer eg inndelinga tegninga er ikkje etter mål, berre ei laus skisse. Kjøkken med innlagt varmevatn. Stekke 1, ved sida av kjøkkenet. Her vert det plass til Svart DK og Silkene. Stekka er slik at skilljeveggane lett kan flyttast. Nokre av kyllingane og påfuglen har allereie flytta. Stekke 2. Storstekka. Her vert det plass

Prisilla

Prisilla

Kyllingane kosar seg ute.

Kyllingane er ca 4 veker gamle og kosar seg i eit kaninhus med tilhøyrande beitebur. Eg flytta dei ut for ca 1 veke sidan og det går superfint uten varmelampe. Dei har godt med spo og ei lita glidedør er montert slik dei held seg inne om natta.

Prisilla

Prisilla

Den store blåsbort dagen.

Det er mai...eller er det det??? Makan til skit ver... trur mai månad er avlyst og at vi no får februar i reprise inntil feilen er retta. Her bes det til alle vergudar om ein flott vår med påfløgande strålande sommar, men inntil vidare har eg fått tilbake vind frå alle kantar med storm i kasta. I natt måtte eg ut å berge inn endene som går i ein hundegade, to av veggane er delvis kledde i tilegg til taket. Stakars Anda og Vanda var vettskremt, og vandra kvilelaust rundt. Eg tok dei med under s

Prisilla

Prisilla

Brahma kyllingar har klekka

Bytta til meg egg av div Brahma mot kalkun egg for ei stund sidan. Då pakken kom fram var samtlige egg knust, 9 av 18 egg vart forsiktig fjærna ut av kassa. 4 av desse hadde ikkje fått innhald på seg, eg vaska forsiktig dei tilgrisa egga, satt dei i kvileposisjon i 2 døgn og bestemte meg for å prøve å ruge dei ut. Etter fleire runder med lysing sat eg att med 3 egg, alle desse har klekka. Eg vart lova nye egg, og ventar no i spenning på ny pakke i posten Den eine kyllingen vert sikkert svart bi

Prisilla

Prisilla

No klekker svart Silke.

Nr 1 er ute, det pip iherdig frå dei andre egga. Åååh dette er berre så gøy 4 kyllingar vart det, 1 døde og en må ha fotband, den går ut i spagaten. Laga fotband av eit tynt silkeband, nål og tråd. Pass på å ikkje lage det for stramt eller for slakt, etter 1 døgn tok eg av bandet, kyllingen var heilt fin

Prisilla

Prisilla

Nytt hønsehus.

Så var det nye hønshuset ferdig. Må seie eg er ganske fornøgd og stolt av meg sjølv.

Prisilla

Prisilla

Tidlig vår.

Etter ein lang vinter med X anntal liter vatn bært både i forse og flytande form og armar så lange som Eifeltårnet kom endeleg våren! Kong vinter banka på døra med snø i midten av oktober og gjorde tilverelsen lite kjekk, sola forsvann i november og det vart kaldt...veldig kaldt. Vannautomatane fraus etter nokre få timar og sta som eg er vart dei bytta ut med nye automatar med lunka vatn, golvet i vaskerommet har hatt fast besøk av vannautomatar til tining i heile vinter. Eg bestemte meg tidl

Prisilla

Prisilla

×
×
  • Create New...