Bygging på gang.
Har bestemt meg for å ta i bruk delar av fjøsen sidan den no er tom for dyr. Eg har valgt å bruke den minste delen på ca 70 kvm sidan dette er ein kaldfjøs.
Slik tenkjer eg inndelinga tegninga er ikkje etter mål, berre ei laus skisse.
Kjøkken med innlagt varmevatn.
Stekke 1, ved sida av kjøkkenet.
Her vert det plass til Svart DK og Silkene. Stekka er slik at skilljeveggane lett kan flyttast. Nokre av kyllingane og påfuglen har allereie flytta.
Stekke 2. Storstekka. Her vert det plass til Jumbovaktel, Kalkun og Påfugl (storfugl)
I storstekka er det og drikkenippel i kopp. Dørene kan åpnast begge vegar.
Stekke 3. Her får faveroller og mix høns plass, endene skal vere innerst dette på grunn av at det er lunare der.
Alle stekkane har strekkmetall rister så det vert praktisk med ender her. Stekkene er også senka under golvplan slik at det ikkje vert rot av spo og høy, tenkjer eg skal prøve talle i vinter fordi det kan trekke ein del under ristene.
3 Comments
Recommended Comments