Jump to content
Sign in to follow this  
  • entries
    16
  • comments
    16
  • views
    2,394

Tidlig vår.

Sign in to follow this  
Prisilla

559 views

Etter ein lang vinter med X anntal liter vatn bært både i forse og flytande form og armar så lange som Eifeltårnet :blink: kom endeleg våren!

Kong vinter banka på døra med snø i midten av oktober og gjorde tilverelsen lite kjekk, sola forsvann i november og det vart kaldt...veldig kaldt.

Vannautomatane fraus etter nokre få timar og sta som eg er vart dei bytta ut med nye automatar med lunka vatn, golvet i vaskerommet har hatt fast besøk av vannautomatar til tining i heile vinter.

Eg bestemte meg tidleg for å prøve ein vinter utan bruk av straum, det hadde ikkje gått om det ikkje hadde vore for at eg går langtids sjukmeldt. Ei erfaring rikare ser eg no tilbake på ein vinter med spart straum og høns som ikkje har tatt skade av kalde minusgrader. Utfordringa har vor at reingjeringa har vore vanskeleg, bunndekket har vore stappande frose. Løysinga vart å strø på ny frisk kutterspon opp på den gamle, fekk litt av ein jobb når dette starta å tine :undecided:

No er endeleg markane fri for snø, både høns, ender og kalkun trioen får vere ute fritt på tunet. Silkene er fortsatt inne, har ein jobb i forhold til utegarde til dei.

I forge veke slakta vi overskuddshanar, samtidig henta eg meg ein Tverrstripa Plymouth Rock hane, han fekk overta ein fin flokk på først 2 så 2 høner til der ei av hønene også er tverstripa PR. Denne hanen har aldri fått vore ute i det fri. Så etter eit par dagar for å gjere seg kjend med stabburet og to av hønene, fekk han komme ut og treffe dei to andre. Her vart det ein liten kamp med sjefshøna, da han sikra seieren flaksa han og flaug med triumferande og høge kyykkelllikyyy resten av dagen. :police: Herlig skue :D

Min lenke

Den eldste svarte silkehøna klekkte 10 kyllingar 2 mars, ni overlevde første døgnet. 16 mars klukka dattera hennar og klekkjer kyllingar i skrivande stund. No er eg spent på utfallet, tre egg ligg også i rugemaskina og har klekke dag i dag. Så vert det påskekyllingar i år og :D

Snøklokkene og kvitveisen blomstrar i kapp med krokkus og klosterklokker, små spirar av påskeliljer stikk opp av jodra og snart spring lauvet ut. Våren er utan tvil min favoritt, nytt liv og gode dagar å sjå fram til.

Ønsker alle ei god påske!

Sign in to follow this  


0 Comments


Recommended Comments

There are no comments to display.

Guest
Add a comment...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...