Jump to content
  • entries
    5
  • comments
    3
  • views
    1,501

Hønsehus (sommarbolig)


Bondetutta

980 views

Sidan vi skal ha oss høner, måtte vi skaffe oss hønsehus. Det er såpass mykje byggeaktivitet på garden for tida, at den permanente boliga må vente litt, løysinga vart difor eit sommarhus.

OBS! Dette er eit amatørbygg, laga utan vinklar eller vater, og hovudsakeleg av restemateriale som "låg og slang".

Noko anna er ikkje å vente, når det er eg som er snikkaren(med god hjelp av sjefane på 1 og 4år) :wink:

Framgongsmåte:

Først fann eg meg ein passeleg palle (ikkje ein europall, men ca den størelsen, bittelitt større trur eg). Så raska eg saman avkapp av panel(?), slike med spor som passar inn i kvarandre, og laga tett golv på pallen. Deretter var det å bestemme seg for ei passeleg høg, og kappe til 4 like store plankebitar (boksar) og snikre dei fast i kvar sitt hjørne (eg festa dei på utsida av kvar kortside).

Fann nokre fjøler som eg saga til å festa oppå desse "hjørna", slik at dei holdt seg nokelunde i ro, før eg begynte å kle langsidene og eine kortsida. Lot kortsida få to opningar, som skulle verte eggeluker.

Den siste kortsida skal få dør og høneluke.

Etter å ha kledt ein del av langsidene, fann vi(eg og 4åringen) ut at vi skulle bruke litt vindbremsduk for å få lufting og lys inn i huset. Far min har det meste liggande, inklurdert småbitar(og store) av vindbremsduk. Dette var stifta på.

Etter å ha kome opp til toppen, var det på tide å lage møne. Det vart enkelt og greit målt ut ei ca lengde på taket, saga til 4 fjøler i rette lengde, før dei vart spikra saman to og to i 90graders vinkel.

Vinklane var deretter satt opp på taket, med ca like mykje utstikk nede, og spikra fast.

Fann ut at det passa bra med vindbremsduk til "møneglas" og.

Brukte nokre fjøler (ei opp og ei nede på kvar side av taket), til å stive av det heile, før eg brukte ei vanntett plate (slik som ein brukar under bølgeblekktak), som takplater. Tanken er å feste på bølgeblekk oppå, men det treng eg hjelp til, så det er ikkje gjort endå.

Trakk noko plast over skøytane og limte det fast med silikon(slik fugesilikon ting).

(på dette tidspunkt vart huset innreda, men det tek eg igjen lenger nede).

No var huset vasstett, og det var på tide å fjerne det frå tunet (byggeplassen var rett forran inngangsdøra :tongue:).

Med traktor og pallegaffel var det ingen sak og flytte huset ned til frukttrea, der eg ville ha det.

Litt justering av plasseringa måtte til, noko som går greit ved bruk av handemakt.

Fann fram ein impregnert boks, og saga til to passe lange stubbar, som eg la under hønsehuset (for at pallen ikkje skal rotne) og sprikra fast.

4åringen ville at vi skulle måle huset. Restemåling har vi sjølvsagt ståande, han fikk velge mellom raud, kvit og grått. Det vart raud, flinke guten! :grin:

Etter målinga ser huset slik ut:

blogentry-3283-0-96474200-1369777100_thu

Dette var før eg begynte inngjerdinga og før eggeluker og dør var laga til.

Innredinga av hønsehuset:

Heilt frå eg begynte, var eg bestemt på å ha verpekasser i to høgder, då det ellers vil verte litt liten plass. Difor laga eg to opningar som skulle føre inn i kva si kasse.

Eg laga ein stige opp til den andre kassa, og har festa ein vaglepinne oppunder taket (skal lage til ein til, så det vert god plass til alle).

Slik ser det ut innvendig:

blogentry-3283-0-09174700-1369777262_thu

Eg har ordna ein del sidan dessa bileta vart tekne, men skal prøve å hugse å ta nye bileter i mårå. Det vert så fint atte! :D

1 Comment


Recommended Comments

Flott hus! :) kjekt at ungane får vere med. I går var treåringen min med og lagde til nytt gjerde til hønene slik at dei ikkje går opp på plenen og skit ut alt ;)

Link to comment
Guest
Add a comment...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...