Gå til innhold

Prisilla

Medlemmer
  • Innlegg

    4 276
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Prisilla

  1. Vaktelegg skal vere trygt å spise og som Tormod sei er salmonella høgst uvanlig i Norge. Ensymet som er nevnt hindrar egget i å verte infisert, det ein imidlertid skal vere klar over er at skallkvaliteten kan variere og eit punkterte egg forgår lett. Ta vanntesten for å vere sikker. Når det kjem til eggallergi, skal også vaktelegg vere tryggare å spise enn hønse egg. Men sjekk først om du tåler det.. Eggekvita i vaktelegg vert brukt til å framstille ulike typar allergimedisin, så farlig kan det ikkje vere.
  2. Eg hadde nok latt denne sleppe, den vil nok mest sannsynleg ikkje klare å få i seg nok mat og vatn uansett.
  3. Høna må flyttast uansett, eg har opplevd å måtte ta kyllingane frå ei høne fordi ho var veldig hard og drap eit par før eg rakk å komme dei andre til unnsetning. Med dette er skjeldan. Eg tenkjer dette går veldig bra ho blir nok ei fin og beskyttende mor. Masse lykke til !
  4. Send ei melding til pippa ho har mykje fasan også påfugl.
  5. Så lenge allmentilstanden er bra har du ikkje så mykje å frykte. Gi henne matyoghurt det er med på å stabilisere magen, hønseguffe er supert, men pass då på at ho har skjellsand i ei boks. Diaré kan kome av inntak av store mengder vatn, men også av stress. Kjem ho til maten eller vert ho jaga?
  6. Snakk med Mattilsynet om dette, eg reknar med endene må i karantene ei god stund.
  7. Trur ikkje du skal overreagere, is i magen. Er høns alvorleg sjuke visest det tydelig, med sturing, oppblåste fjær, abnormitetar i bein eller vinge, hoderisting, nysing og gaping, missfarga/ blass kam og hakelapp. Ein eller fleire av desse symptoma treng ikkje vere alvorlig, hoderisting kan feks vere gapmakk. Blass kam - myting osv.
  8. . Tja det kan ha vore midd men mest truleg lopper. Sjekk heimesida mi så får du lese og sjå bilder av utøy.
  9. Sjekk Mattilsynet si side for meldepliktige A og B sjukdommar, her står det klart og tydelig når du skal melde frå.
  10. Det beste er å stenge av, det går fint. Masse lykke til !
  11. Har hatt silker i mange år og er stadig like forelska. Ingen av mine silker vaglar i høgda men dei mest dominante kan vagle lavt. Dei andre ligg gjerne i rugekassene eller på golvet, gjerne i ein haug. Silker er kloke rolige og veldig vennlige høns. Har ikkje opplevd haneangrep ein einaste gong. Silkene kan gå fritt og eg lokkar alltid silkene inn med ein liten godbit etter nokre timar. Når det regnar held eg dei som oftast inne, dei vert klisj klasj, det kjem av at dei manglar genet som dannar fjærspolar. Du kan trygt ha silkene ute, men preg dei godt med godbitar
  12. Brahma er ei vanskelig rase å sjå forskjell på fordi dei veks seint. Prøv å legge ut bilde da vel
  13. Isoler høna på ein varm stad. Lunka kamillete er antiseptisk og gir god virkning på såre auger. Følg med om det dukkar opp andre symptom.
  14. Kok opp kamillete og drypp nokre gongar for dag, den bør vere lunka. Om dette utviklar seg vidare med dårlig allmentilstand, snue og hoste må du ta kontakt med veterinær.
  15. Pass på når klekkedagen merkar seg. Når den første kyllingen har klekka flyttar du høna med reir egg og kylling til ein trygg stad. Gjerne eit godt bur med små sprinkler slik ikkje kyllingane rotar seg ut. Kulde er den visse død for små dunballar. Sett gjerne glitter eller liknande fram for opninga om du er på arbeid på klekkedagen, kyllingar kan rote seg ut av kassa og høna vil då som oftast prioritere egga.
  16. Det første eg gjer nå eg finn nokon pjusk er å kjenne etter om kråsa er hard og veldig stor. Med høner kan det også vere leggenød, altså egg som høna ikkje klarar å legge. Eg hadde snakka med veterinær og fått spott om preparat til denne høna i og med ho er så pjusk. Det er fint at du har behandla alle med ropa b det skal normalitet holde. Du har ikkje gjort noko feil, men varme vil nok hjelpe, slik ho ikkje brukar unødig energi på det.
  17. Eit lite tips, stallosan vert hardt som betong om det vert vått, derfor er det best å bruke inne. Kalk fungerer på samme måte som stallosan og egnar seg best ute. I tillegg er kalk rimeligare.
  18. Det er mange grunnar for død og ikkje alle er nødvendig å rapportere. IB, ILT og mykoplasmose samt utbrudd av rød hønesemidd er ting som skal rapporterast. Du vil finne skjema på mattilsynets sine sider
  19. Det finnest kalk som ikkje er etsande huskarvikkje kva den heiter. Maling er også ok
  20. Er dei vaksinerte? Du bør kontakte vet.
  21. Drypp og vask med lunka kamillete to gongar for dag. Kamillete er antiseptisk om ikkje det virkar innan 3-4 dagar bør du få augedråpar av veterinær.
  22. Eg hadde nok hatt dei adskilt og i god avstand. Duer og villfugl tek lett med seg utøy som kan verte vanskelig å verte kvitt.
  23. Typisk at slikt skjer da Du må nok ha rett pære i maskina slik temperaturen vert rett.
  24. Den rette temperaturen for ruging av hønsegården er 37,7 grader. Eg tørrrugar fram til dag 18, da stoppar eg vendinga og fyller på med vatn. Pass på å ha maskina lukka til klekkinga er over. Masse lykke til
×
×
  • Opprett ny...