Hei jules Koselig at du har klukk høner, du har virkeleg noko å sjå fram til. Eg hadde flytta den eine høna til eit anna reir. Du vil få kyllingar uansett, om egga er befrukta. Den høna som får beholde egga bør du skjerme, frå dei andre. Strekk netting i eit hjørne av rommet og flytt høna med reir og egg dit. Den andre høna kan du stelle til eit nytt reir til, så legg du nye egg under henne. Pass på å skjerme henne og, kanskje med å bruke eit fraktebur, slik Mone anbefalar. Pass på å sette inn mat og vatn, men ver klar over at høner som er klukk både et og drikk lite. Dei går på ein måte i dvale, og senker kroppstemperaturen. Så behovet for mat vert då lite. Berre la hønene få styre prosessen sjølv, det går heilt fint. Når kyllingane eg klekte, bør hønemor med kyllingane kome ned på golvet. Då kan alle dei små krype under hønemor for beskyttelse og varme. Lykke til! Kanskje du skriv å held oss oppdatert undervegs?