Hei! Koselig at du har tatt valget med å starte opp med høns. At dere er to, gjer ting mykje enklare med tanke på reise og ferie osv - smart . Byggesettbod er utmerket til hønsehus, du treng ikkje isolere. Berre huset er trekkfritt og tørt, skal hønsa få det fint der tenkjer eg. Men det skadar ikkje å isolere. Problemet om vinteren er at vatnet kan fryse, varme plate eller varmelampe held vatnet frostfritt. Det er litt av kvart å tenkje på når ein skal linnrede hønsehus, eg rådar deg til å gå inn på galleriet å sjå bilder der. Der er mange bra idear å plukke. Men først hadde eg villa valgt høns, dvergar treng mindre plass enn store høns. Min favoritt er Brahma. Dei er rolege, fredselskande, store og flotte. Legg ikkje mykje egg, men dei er store. Min hane gjel ikkje, men igjen dette er individuelt. Så er valgets kvaler igang, kva likar du? Alle her inne har sin eigen favoritt, men eg rådar deg til å velge høns som er rolige i og med at det dette vert dine aller første. Masse fine bilder i galleriet, i tilegg er nettsida safari til 1000 ei fin side å gå inn på. Bur du ein stad der det normalt er mange minus vinterstid, rådar eg deg til å velge høns med liten kam. Kammen kan fryse, det kan gi kolbrand og mykje smerte. Hanen kan verte steril eller du må kanskje avlive. Eit knep er å smøre allverskrem (ceridal, kjøp på apotek) på kammen. Så har du høns med fotbefjæring, desse egnar seg ikkje spessielt godt i ommråder med mykje nedbør, velg du slike bør du tenkje på å ha tak over utegarden. Lykke til med valg, dette er ikkje enkelt. Det er så mange flote å velge i mellom. Kanskje vil du ha høner som legg egg med farge til og med?