Jump to content

Prisilla

Medlemmer
  • Posts

    4,276
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    69

Everything posted by Prisilla

  1. Sjølv om det er vår er det ikkje einsbetydande med varme dagar, her er det 0,7 grader. Som Nybakt Hønemor skriv kan ein ikkje samanlikne villfugl med høns. Ein kylling vil ha det best under mor si, den treng også veileding frå mor når den skal ete og drikke.
  2. Det beste er å ikkje gi avokado i det heile. Den kan gi respirasjonsstans (puste stopp) og fuglen kan verte kvalt. Litt av ein måte å døy på. Uforsvarlig å gi mat som står på svartelista!!
  3. Hei piaok. Har leita litt her inne, tok eit søk oppe til høgre på forsida. Etter det eg kan finne av informasjon angåande avokado. Må eg skuffe deg, å seie at du har rett i at det er giftig. Avokado inneheld visst eit giftstoff (toxin) som høns ikkje tåler. Håper kyllingane dine klarar seg.
  4. Rett og slett tragisk, må vere kjempe frustrerande å oppleve noko slikt
  5. Hihihi for eit syn, stakkars lille høne. Skulle vore filma
  6. Kan vere ein ide å strekke netting rundt kassa. Når kyllingane er klekkte, er det berre å sleppe den lille familia ned på golvet.
  7. Anbefalar å lyse etter 10 dagar. Til mindre du fingrar på egga dess betre, bruk hanskar.
  8. Prisilla

    Mine dyr

    Supert! Kjekt med litt ekstra i lommeboka tenkjer eg
  9. Stol på instinkta til hønsa, camy har heilt rett. Hønsa sensar kva som er rett og feil
  10. Må seie meg heilt uenig i at det "Må vere artig å prøve"! Dette er faktisk ting ein ikkje eksprementerar med. Når ein tek eit valg å legge egg uneder ei klukkhøne, må ein ta konsekvensane. Så enkelt er det. Det er nesten ferdige kyllingar som har kjempa seg fram, i lag med ei klukkhøne som har tatt av seg skjølv i tre veker. Lat ho få klekke kyllingane sine. Eg er heilt enig med tiwst, i at det let seg gjere å flytte heile gjengen etter klekking. Lykke til, dette går bra!!
  11. Prisilla

    Mine dyr

    Du er jammen heldig, som har så mage dyr. Selger du egga du får fra hønsa eller?
  12. Vanskeleg valg...trur kanskje ho har større forutsetningar om ho får klekka kyllingane før turen. Ville vere frykteleg trist om det går fløyten.
  13. Har ein del erfaring med flytting av klukkhøner. Om høna får ha rugekassa/reiret sitt, kan du flytte ho dit du vil. Det eg er usikker på er om det er lurt å frakte i bil. Ikkje for at høna skal gå av, men fordi egga vert rista. Eg hadde nok satt att høna heime. Korleis er rugekassa ho ligg i?
  14. Du må inn på annonse sida, klikke på selges kategorien, då kjem det opp fleire valg. Berre å klikke i veg
  15. Fin digresjon tiwst og eg skal seie meg heilt enig. Etikk og moral i Norge, er ikkje det same i andre land. Vi skal ha lov til å reagere, men gjer vi noko med det? :
  16. Nei....egg med avvik passar sikkert best i mat Hadde eg visst innhaldet, skulle eg putta det under klukk høna (har ikkje maskin). Men det er forseint, no ligg det i magen på husbonden
  17. Fann eit giga egg på 95 g, som Brahma høna hadde lagt her om dagen. I egget var to guler, men ei kvite omslutta begge gulene. Er det mulig at det kan klekkast tvilling-kyllingar? :
  18. Like vanskelig å intigrere Dverg Cokhin kyllingar i ein flokk som andre raser, eg har ei høne som regelrett har drept ei anna høne som vart satt inn. Så det kan vere litt forskjellig. Ein bør uansett sitte å observere ei god stund når ein sett inn nye høns i ein flokk. DC kan vere ganske så tøffe, mine hanar brakar ihop så det smell. Må halde dei adskilt, ellers går det liv Men tamme .. ja så absolutt estimerar verken hund eller katt.
  19. Spennande prosjekt Reknar med du er inne å kikar på Finn.no. Håper du legg ut bilder etterkvart
  20. Hei på deg Hører ut som dei storkosar seg. Tenk neste år er det flotte høner og hanar du har gåande ute.
  21. Har kyllingane ei hønemor å krype under eller? Så lenge kyllingane har fjør, er det ikkje problematisk å ha dei ut. Hos deg skulle det ikkje vere eit problem.
  22. Ja, og sida du vil ha fleire orpington. Kan du samle egg slik du kan få ruge ut fleire...
  23. Veit korleis du har det...nei ein kan ikkje vite korleis han vil bli. Ikkje sikkert omplassering hjelp heller. Ekstra trist er det når ein endeleg har fått eit par, og vil ha fleire av same sorten. Men men, får håpe du får tak i ein med betre lynne, høns på tunet er definnitivt best
  24. Våren er tida for hormonar i fritt svev Hanen beskyttar fruen og vil jage vekk potensielle trugsmål. Enkelte hanar, vert sintare enn andre. Men dette vil mest truleg roe seg, får vi håpe. Kanskje lurt å gjere dette paret inne, slik ein forhindrar kamp og mulig skade...
  25. Eg har 10 veker som regel, men pass på å ha stadar dei kan stikke seg vekk. Å sette ut fleire matstasjonar kan vere lurt. Du må nesten observere å sjå, korleis det går. Lykke til!!
×
×
  • Create New...