Om det er eit så stort problem at ein hane gjel, burde ein etter mine begrep slutte med hønseholdet. Eller la vere å skaffe hanar. Ja - vi har mange menneske skapte dyr/fuglar, for mange...kvifor lage fleire? Holdninga mi er klar. Er det profitt ein er ute etter eller? Vi menneske har ein tendens til å ville lage dyr osv til det vi likar/ynskjer, kva er poenget? Rein og skjær egoisme? Ingen kan påstå å seie med vissheit, at ein hane som ikkje kan gale, ikkje lid. Det er vel innlysande...hanen har tapt. Dominante hanar gjel høgst, i alle fall hos meg. Kva vil vi avle på, ein tapar? Den største feilen her, er å nemne tanken om ein hane som ikkje skal gale. Eller i det store å heile tenkje den tanken. Vi kan godt kome inn på spørsmålet om dyrevelferd i denne saka, det høver vel bra? Kva er dyrevelferd? Når diskusjonen først rasar, kva er etikk og moral med tanke på avl?