Jump to content

Prisilla

Medlemmer
  • Posts

    4,276
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    69

Everything posted by Prisilla

  1. Slaktepris er slakte pris, dette er eit levande dyr som skal i avl. Så den samanlikninga vert feil, synest eg. Vi betalar 3000 for værar som skal inn i produksjon, desse er kåra vel å merke. Kjøparen kan glede seg over mange avkom etter denne væren, samt at dei får pengar for lamba. Tjener fort inn desse pengane.
  2. Hadde eg vore deg, ville eg prøvd å få den kåra. Reknar med væren er eit år? I så fall hadde eg ikkje stussa på 2000 kroner. Får du den kåra kan du ta 3000 glatt.
  3. Eg har fuglebrett med tak, som eg har stappa litt høy i. Her storkosar dei seg. Vaktlar likar å stikke seg vekk, så du kan ha inn greiner av bar eller liknande. Eller sette opp nokre små flak på skrå opp mot veggen, det likar mine godt. Dei elskar å pile fort rundt veggane, stoppar ei stund bak flaka for så å rese vidare. Kjempe morsomme å sjå på ;D
  4. Sett eit par skåler med mat og vatn i kassa til henne. Klukkhøner et ikkje så veldig mykje/enkelte sluttar heilt å ete. Dei går på ein måte i dvale/transe, sett ned kroppstemperaturen for å bruke minst mogeleg energi. Om tre veker klekker kyllingane, da kan du følge oppskrifta mi eller prøve deg fram til du finn den måten som er best for deg. Men flytt for all del verken egg eller høne ut av kassa, ho ligg i no. Då kan ho gå av egga. Lykke til!
  5. Gratulerer med kyllingar Mine høner foretrekker å ha reir på golvet, når dei har kyllingar. Det er tryggast slik, om ein kylling rotar seg bort frå kassa kan det vere fatalt. Eg gir kromat kylling, hønemor smular opp små bitar til kyllingane. Hønemor har berre godt av å spise det same som kyllingane, ho har tross alt lagt klukk ei stund. Til vatn har eg laga til ei lav boks, med lokk. I lokket har eg skore ut ein liten firkant, på den måten vert det ikkje rusk i vatnet.
  6. Ja, der har du det. Det passar bedre til vaktlar
  7. Det går nok bra. Du vil fort merke om du har for få høner i alle fall ;D Vil råde deg til å ha bur som er minimum 70 cm høgt. Den minste kyllingen min flyg heile lengda på buret, som er 2 x 1,5 meter og 190 høgt. Både høner og vaktlar elskar å sandbade, det er også nødvendig for stell av fjørdrakta. Skal du ha vaktlane fri, trur eg du bør gjere dei inne
  8. Kjem an på situasjonen, vaktlar er spesielle. Er dei redde vil dei nok flykte.
  9. Prisilla

    Abstinenser

    Hihihi samme her har sagt nokre gloser ja...
  10. Kjempe flott! Trur kanskje 16 er i meste laget, hadde plukka vekk 6 av dei trur eg. Lykke til med ruging og klekking
  11. Hei. Vaktel kan du vel ha?...men i eit kaninbur...hmmm. Har vaktlar og veit at dei elskar å kunne flyge. Eg flytta vaktel kyllingane mine ihop med dei store i går. Det likte dei veldig godt, endå dei berre er 3 veker ca flyg dei bra. Fara med å ha lave bur til vaktlar er at dei kan skade seg. Hadde eg vore deg hadde eg laga mg eit bur. Kor mange vaktlar har du tenkt å skaffe?
  12. Fint og oversiktleg har det blitt, skal verte kjekt når alt vert ferdig. Bra jobba
  13. Oj, skal seie du har jobba Tormod, ser bra ut dette
  14. Ja og det må vere ein grusom måte å dø på :-\
  15. Kyllingen sit med rumpa i den spisse enden, luftlomma er i den butte. Hinna/luftlomma kan tørke ut om denne enden er opp, meinar eg å ha lest
  16. Kva for gir du dei? Eg bruker kromat kylling, som eg knusar i blender. Tilsett litt sukker, det gir energi. Du kan også hardkoke egg og mose gula i foret i lag med litt undulatfrø. Blande litt undulatsand i skåla. Dette skulle fungere. Men enkelte kyllingar er berre mindre en andre, eg har ein vaktel som er veldig liten i forhold til søskena sine. Eg tenkjer at sidan han et og drikk, er frisk og aktiv vil det kome seg etterkvart. Lykke til ;D
  17. Det same skjedde hos meg i går. Mannen min fant kalkun høna død. Fin og frisk dagen før. Då eg tok ho i nærare augesyn, var det rett og slett eit gedigent egg som var grunnen. Ho hadde blødd ein del, i tilegg var ein del av kanalen pressa ut. Eg kjende egget godt frå utsida. :-\ stakkars lita
  18. Frukt/grønnsaker og brød er det beste, eg skaffar det gratis på butikken. Mat som går i søpla der, kjem godt til nytte hos fuglane.
  19. Hei Du treng ikkje ha par. Kalkunar krev mykje plass, så eg håpar du har godt med uteområde. Mine gjekk ilag med hønsa, berre pass på å ha fleire vann og matstasjonar. Om du har par vil hanen legge krav på eit område og forvise andre, vil beskytte territoriet sitt.
  20. Må ikkje missforstå eg var på ingen måte tenkt å ta til med å krysse Jærhøns og Islandske Landhøns, eg er har ikkje nok kunskap om det. Det var eit reint spørsmål om muligheita for å få våre Jærhøns til å ruge att, og ingenting anna ;D
  21. Berre kjekt. Hadde vore intr. å få høyre kva vetrinæren seier i morgon, og kva type medisin du får.
  22. Ser på nettsida, som forøvrig heiter: Islenska Lanbnamshænan, at våre Jærhøns er til forveksling lik den Islandske landhøna. Tydeleg at det er samme gener her. Er det mulig å få vår Jærhøne til å ruge att, med ei kryssing? :
  23. Sansynlegvis ein infeksjon i auge. Du bør ta kontakt med veterinær og forklare problemet. Du vil sansynlegvis få auge dråpar eller salve. Du kan prøve å lindre litt ved å koke opp vatn med litt salt, du skal så vidt kjenne saltsmaken. Kjøl av oppløysinga og vask forsiktig auge, med ein bomulsdott eller gas. Dette vil ikkje kurere infeksjonen, berre lindre. Lykke til
  24. Hei Seafoam Ingen spørsmål er dumme, spør i veg
  25. Sjekka ei islandsk nettside, ser ut til at denne høna faktisk kan ruge fram kyllingar sjølv. Ser ut til at Islendingane har tatt på alvor å bevare rasa, og prøvar å bre interesse for rasa blant det Islandske folk.
×
×
  • Create New...