Jump to content

Prisilla

Medlemmer
  • Posts

    4,276
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    69

Everything posted by Prisilla

  1. Det eg meine å skrive var at napping ikkje nødvendigvis opphører ved at den du har no får ein make. Kva alder den nye burde ha har eg inga formeining om, hør på dyrebutikken eller med pippa (her inne)
  2. http://agropub.no/asset/1848/1/1848_1.pdf I denne linken finn du rettningslinjer for økologisk drift av høns, ei grei rettesnor til oss som driv med hobbyfjærfe
  3. Kjenner att den, aktivisering er viktig. Utfordringar er kluet, heng opp kongler, pinnar og barkebitar som den kan ødelegge, vi ga masse frukt og grønnsaker. Druer, mais, kokt egg, heile peanøtter, og andre ting berre å prøve seg fram å finne ut kva han likar og ikkje. Nye smakar gir utfordringar, men pass på å ikkje gi noko giftig. Vi måtte også flytte buret til ein roligare stad i stova. Det går seg nok til men det tek laang tid
  4. Eg hadde nok brent strøet, har kopier litt av denne sida til deg: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938584 Blod midden gøymer seg i små sprekker og er aktive når det er mørkt. Dei kan vere kvite, grå eller mørke på farge om dagen, raude etter eit måltid blod frå hønsa om kvelden/natta. Du oppdagar dei gjerne på undersida av vaglepinnar, når hønsa har gått til ro for natta.Om dagen gøymer dei seg for det meste i sprekker i eller nær reiret eller overnattingsplassen til hønsa. Her legg dei også egga sine. Har du misstanke om rød hønsemidd i hønsehuset? Ta med lommelykt og stryk handa under vagla, er det blod midd vil du då knuse dei og få spor av blod på handflata. Eller knurv sammen eit papirark og legg i t.d rugekassa. Hoa legg ofte 10 egg om gongen, for å legge egg krevst det blod. Larvane krev ikkje næring, dei gjennomgår to nymfe stadier og må ha blod for å utvikle seg. I rett temperatur (ved 5 grader om sommaren) brukar midden mellom 8-10 døgn på å verte ferdig utvikla, noko som raskt gir mange individ. Voksne midd kan leve opptil 9 mnd utan å suge blod og kan leve lenge.Ved mangel på fugleverter kan midden suge blod av bl.a. kanin, hundar, kattar og mennesker. Det er påvist at midd som sug blod av mus og kanin kan legge levedyktige egg. Midden kan ikke reprodusere når den sug blod av mennesker. Fuglemidd i bolighus forekjem som oftast om våren, rundt mai. Midden kjem gjerne inn i hus fra villfugl reir, via sprekker i veggen, lufteventiler o.l. og kan spre seg over store deler av huset. Første ledd i bekjempelse er å fjærne villfugl reir og sprøyte med bekjempelse middel både inne og ute, rundt vindu og luftekanalar sprøyt gjerne eit smalt sperrebelte. Rødsjuke gir akutt død, gjerne hos høns i godt hold og probuksjon. Det er usikkert kor lang tid det går frå smitte til utbrudd. Sjukdomsforløpet kan vare lenge og med dødlighet som vareirar frå dag til dag og veke til veke. Fuglar som overlever kan få kronisk forløp med betennelse i huda og hjarteklaffane. Høns som har vore i kontakt med rød hønsemidd kan utvikle rødsjuke, Denne sjukdommen gir akutt død, gjerne hos høns i godt hold og probuksjon. Det er usikkert kor lang tid det går frå smitte til utbrudd. Les meir om rødsjuke her:http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938580 Smittekilde kan vere infiserte individ som ikkje viser teikn til sjukdom, rotter og mus, villfugl og smitta jord. Men også verte smitta av gris og sau. Sjukdom kan vere ei direkte årsak av angrep av rød hønsemidd som kan vere bærar av bakterien. Bakterien kan leve lenge i miljøet og treng ikkje levande dyr for å overleve eller formere seg. Det er vanlig å bruke preparat som inneheld pyretrum eller pyretroider. Slike preparat kan ein kjøpe i bl.a. på felleskjøpet jernvare foretningar og gartneri. Midden kan være motstandsdyktig mot slike preparat, noko som kan gjere utryddelsen vanskeleg. Det finnes også andre gode preparat som Milba-stopp og Smite.I rom der midden er oppdaga bør det støvsuge grundig. Fordi midd lever lenge og gøymer seg i sprekker, kan den være vanskelige å verte kvitt. Etter støvsuging må støvsugerposen destrueres (for eksempel varmebehandles ved over 60 °C). Oppholdsrom bør generelt ikke sprøytes med bekjempelsesmidler. Slike midler er giftige også for mennesker og det er derfor viktig å begrense bruken. Hønsehus behandles etter retningslinjer fra Animalia eller etter samråd med veterinær. I tilfeller av rød hønsemidd kan spott on middel vere ei behandlingsform då desse preparata har lang virketid. Denne medisinen er resept pliktig og vert utskrevet av veterinær, følg doseringa nøye, overdosering kan gi lammelsar. Husk å tilbakeholde egg i ei 14 dagers periode etter ei slik behandling, høne egga kan rugast men ikkje spisast.
  5. Ja høner legg som oftast eit egg for dag, er egget uten skall eller stort (med dobbel plomme) kan det skje..når som helst egentlig. Her kan du lese om prosessen: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/38104095
  6. Mulig frøkna har leggenød, sjekk om du kan kjenne eit egg som sit fast. Link: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938598
  7. Skal sy høne sadler og nokre hønse bleier no, er det fleire som treng ta kontakt i innboks :)

    1. sofa hanen

      sofa hanen

      Syr du vaktel sadler og ?

    2. Prisilla

      Prisilla

      Hei. Ja eg syr til vaktel også.

  8. Ta det med ro, ingen fare Eg hadde behandla alle hønsa samtidig og lagt inn nytt bunndekke. Husk å påføre salven på kammen og hakelappame samtidig, men pass på at det ikkje kjem i augene på hønsa Lykke til dette går kjempefint!
  9. Eg brukar ikkje varme til mine høns og det går kjempefint. Eg isolerer golv med talle (halm) eg legg lag på lag, litt arbeid å gjere reint når våren kjem men..men. Mine høns har fri tilgang på kraftfor, høns kan få det meste mais er fint men med slik tungt fordøyelig mat må dei ha tilgang på sand skjellsand er fint. Høns har ikkje tenner og må ha sand for å fordøye maten i kro og krås. Brød brukar å vere populæert her, eg tørkar gjerne skalkar og legg det i lunka vatn som hønsa får når det er kaldt. Legg ved nokre linkar til deg: Høns om vinteren: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/38104066 Giftig for høns:http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/39335925 Tidsfordriv: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/127835148 Guffe til hønsemagar: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/38104073 Du kan også lage muffins av grove kornprodukt.
  10. Gi kun matyoghurt med litt olje i, maser/knip gjerne kroaforsiktig. Sett inn ei skål med vatn og ei skal skjellsand.
  11. Haltheit kan ha fleire årsaker. Det er skjelden kalkbeinsmidd føret til haltheit, då må det i tilfelle vere mykje. Då vil du sjå det godt med eit kalkbelegg på foten eg anbefalar deg å bruke denne Les meir om kalbein her: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938584. Haltheit kan kogså komme av ein strekk om høna har sloss for å klatre høgre i hiriarkiet eller meir alvorlige tilstandar som feks Mareks.
  12. Ropa-B tek ikkje lus, det er viktig å lese pakkningsvedlegg på all medisin! Til dette bør du prøve Lusepulveret til Gambird først, dette er eit reint naturpreparat som ikkje krev tilbakeholdelse av egg. Brukar du andre preparat som Permetirn ekstra eller medisin frå veterinær må alle egg frå behandla fuglar kastat i 2 veker (tilbakeholdelse av både slakt og egg dvs ikkje nyttast som mat, slike egg kan imidlertid rugast). Om ikkje det er lus kan det vere at dei andre hønsa plukkar denne fuglen, dette er ei for for kannibalisme og kan utvikle seg! Det kan kome av dårlig samansatt kost eller kjedsomhet. Kva for brukar du til hønsa dine? Legg ved link til deg: Hakking og mobbing (kanniballisme) : http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938592 aktivisering av hønsa kan også hjelpe: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/127835148
  13. Har du sjekka i fjæra etter lus? Best å sjekke bak ved kloakken, bruk gjerne lupe og studer ved fjærfeste.
  14. Om du har mulighet for å skaffe ein gammal trålpose frå ein fiskebåt er det supert
  15. Høns har to magar, kroa sit i overgangen mellom hals og bryst, kråsa er innvendig. Ved tett kro er kroa forstoppa og knall hard, dette skjer som oftast ved store inntak av mat som er vanskelig å fordøye. Høns har nemlig ikkje tenner og treng stein eller skjellsand for å fordøye maten. Ved sur kro er kråsa forstoppa slik at maten ligg og gjærar då vil kroa vere veskefylt. I begge tilfeller er det viktig å isolere fuglen og fjærne all fast føde, gi kunn veske, matjoghurt med litt matolje og ei skål med vatn er bra til det heile løyser seg opp. Sett også ei skål sand inn slik den forsyne seg av det om det er behov. Tett eller sur kro: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/38104070 Rød hønsemidd kjem som oftast med villfugl, det er viktig å ikkje ha forstasjonar og hekkekasser til desse i nærheita av hønsehuset eller der hønsa oppheld seg. Hønsemidden gøymer seg i sprekker og kjem fram når hønsa har gått til ro for å suge blod. Du kan lese meir om rød hønsemidd her: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938584 Rødsjuke her: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938580
  16. Det kan være lus, første myting er som oftast ved 1 års alder. Er hønene bare på ryggen og du har ein hane kan det også vere slitasje frå han. Ein sadel vil gi fjæra ro til å vokse ut att og hindre slitasje.
  17. Det kan ha fleire årsaker, tett eller sur kro fører til død om det ikkje vert behandla. Har du sjekka om det er rød hønsemidd i hønsehuset diitt? Det kan også vere medfødde feil eller slik du nevner at den har fått i seg noko giftig, mus eller rottegift må ikkje brukes i hønseholdet. høns et mus og er musa forgifta vil også fuglen dø. Det kan også ha fleire årsaker men det er vanskelig å seie heilt bestemt
  18. Høna sin lyd er nesten slik "pot-pot-pot" i lyse tonar. Crullwitsleren din ser ut til å vere høne. Den på bilde nr 9 ser ut som ein hane. Mulig du har ei par av Bronse (?) Hønene er ein god del mindre enn hanane.
  19. Det kan vere innvollsmark, trådorm og gapmakk held seg i bihuler og luftvegar. Gi ormekur for å utelukke dette, eg hadde nok satsa på ein frå vet som er berekna på denne type snyltera. http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938585 Husk i så fall tilbakeholdelse av egg i 2 veker, egga kan rugast men ikkje nyttast til mat.
  20. Prisilla

    Maran

    Ved import husk at det er strenge reglar og at det må til ei godkjenning frå mattilsynet. Fin plansje:)
  21. Prisilla

    Maran

    Det har du rett i Arne a.n. heldigvis vil eg seie, men det seier noko om at egga er ekstra trygge, ikkje sant? Eg er veldig spent på å sjå fargen på egga til etterkomarane hos meg. Håpar inderlig dei vert lik egga til den høna eg har
  22. Pass på att alle rugeegga vert lagt under samtidig som eg skreiv lenger oppe i tråden. Artig å følge med korleis hønene reagerer når noko skjer Ja eg kjøper som oftast rugeegg og legg dei under ei klukkhøne om eg har ei, ellers legg eg dei i rugemaskina. Skal du avle på ei rase bør du kjøpe standarden (bok) slik du kan utelukke individ som er feil i forhold til den. Enkelte raser er vanskeleg å få nye gener til, så her må ein ha fleire flokkar å bytte hane innimellom.
  23. Prisilla

    Maran

    Eg har Kobber Maran og høna eg har legg veldig mørke egg, nesten rødskjær i dei. Eg har nyleg skaffa meg ein hane, hanen er bærar av genet som gir dei mørke egga. Eg veit ikkje kor mørke egga hanen min vart klekka frå. Kobber Maran har dei mørkaste egga av denne rasa. Egga er også salmonella sikre fordi porane i skalet er for små til at desse bakteriane kan trenge gjennom skalet.
  24. Åhh det finnest så mange fine. Tenk litt over kva plass du har og kor mange høner du ønsker. Dette er viktig for trivselen til hønsa. Du kan ha ein flokk med mange ulike raser, skal du ha hane må den ikkje vere større enn den minste høna. Det finnest høner som legg egg med farge,feks araucana legg turkise, Isbar turkis/militærgrønn og Maran dei lekraste sjokoladefarga egga du kan tenkje deg. Urdvergar legg små egg, men er lette å få tamme og er barnevenlige. Her vil eg nevne Silker, dei legg ikkje så kjempemasse egg men er hardføre og egnar seg fint som nybegynner høns. Legg ved ein link til deg over kva du egentlig bør tenkeje over når du skal skaffe deg høns Lykke til i valget. Link: http://www.123hjemmeside.no/Ladeoppdrett/74938590
  25. Høns gir masse glede Du får berre prøve deg fram å sjå, la dei få styre på med det aukar trivselen. Unghøner utforskar mykje for å lære og lærer av kvarandre, krangel om dei beste rugeplassane er ikkje uvanlig. Har sjølv ein flokk på 5 Lohman og dei er rett trivelige. Masse lykke til Kos deg med hønsa dine, det kan vere greit å lyse egget om ei veke for å sjå om det dannar seg blodårer, om ikkje hadde eg nok kasta det. Da er det nok berre trening og utforsking høna styrar med Lite kjekt å finne ut at egget har eksplodert om nokre veker.
×
×
  • Create New...