Gå til innhold

Prisilla

Medlemmer
  • Innlegg

    4 276
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Prisilla

  1. Trist eg har sjølv berga høner som har fått bitt etter rev. Har rensa godt stripsa såret sammen og bandasjert. Når det kjem til naboen hadde eg krevd at han skaffa ei ny verpeklar høne, ei anna løysing er sjølvsagt å annmelde til Politiet eller å ringe dyrebeskyttelsen. I enkelte byar/ kommunar hentar dyrebeskyttelsen laushundar. Kanskje det er ein fin lærepenge..
  2. Ja det er verdt eit forsøk, merk i så fall egga du gir ho ( slik du veit kva for egg ho rugar på) og gi egga samtidig slik (evnt) klekkedagen vert lik på begge egga om det kjem kyllingar. Om det er ulik klekkedag vil høna muligens gå av det siste egget før det klekker, dag 2 etter at den første kyllingen har kome til verda har den brukt opp nistepakken (plommesekken) og vil starte å søke etter mat. Merk deg også dagen, det går ganske nøyaktig 3 veker til egga klekkar frå den dagen høna får egga Artig om ho faktisk er klukk da Kva rase er ho?
  3. Bra!! Mulig dama er klukk, men det virkar også som ho kjempar for å komme høgt opp i hiriarkiet i og med ho går i kamp (?) Når nye kjem til i flokken er dette vanlig, alle skal finne sin plass og hanen set gjerne dominante hønerganske så hardt på plass. Reknanr med det er løysinga i og med høna no har normal avføring.
  4. Ikkje enkelt, dette. Så lenge høna legg egg er ho iallefall ikkje alvorleg sjuk. Ho er nok stressa stakkar, kanskje du skal sette inn fleire rugekasser. Eg hadde ikkje isolert henne, av samme grunn du nevner. Er det lenge sidan du fekk henne?
  5. Har du sjekka kroa? Dette med å kaste høy på ryggen er normalt, høner har den adferda, legg ho egg?
  6. Det treng ikkje vere anna enn at høna ikkje får tilstrekkelig mat, prøv å ta henne ut av flokken eller stå slik høna får ete og drikke nokre gongar for dag. Er det ein parasittær eller bakteriell infeksjon vil høna virke sjuk eller pjusk. Det er fine tiltak du har satt inn, for meg virkar det tydelig at denne høna er mobbeoffer. Prøv å henge inn kålrot, hodekål eller andre ting som kan få fokusen vekk frå denne høna, kjedsomhet kan resultere i slik adferd frå hanen.
  7. Hønsefor med kalk er ikkje farlig for hanar gjennom kraftfor, men blandar ein skjellsand i anna mat kan konsenrasjonen av kalk verte for høg. Hanar treng ikkje så mykje kalk som høner så å ha ei skaå med heilt vanleg sand med småstein i får hønsa skjølv velge kva krostein dei vil ha.
  8. Hanen din kan ha fått for mykje kalk, hanar skal ikkje ha det. Kalk er viktig for å gjere skallet og skjelettet til hønene sterkare. Eg vil anbefale deg å ha skjellsand i ein automat for seg skjølv og småstein/sand i ein anna på denne måten får hønsa skjølv velge kva dei vil ete i seg, høns har ikkje tenner og treng krostein (sand/stein) for å knuse maten. Hønene vil heit sikkert ta imot den nye hanen du skaffar deg.
  9. Dette er ikkje ein sjukdom men ein tilstand, høns godt kan komme over berre ein innfører tiltaka som du beskriv HanneMS. Kluet er at den må isolerast vekk frå fast føde. Sur kro kjennest ut som ein vannholdig ballong, grunnen er at kråsa (den indre magen er forstoppa) og innholdet ligg å gjærer. Tilstoppa og kard kro kjem av overspising, men kan også komme av tett krås. For begge tilstandane er kun flytande føde essensielt for at fuglen skal overleve. Sørg for at det alltid er tilgang på sjellsand/grov sand til hønsa. Høns har ikkje tenner og må ha dette for å knuse maten i kråsa. Eg har fått mange tilbakemeldingar frå folk som har fått dette rådet frå meg, sjølv har eg også kurert høns med samme oppskrifta som du beskriv over. Det er også viktig at fuglen er isolert inntil kulen eller ballongen er vekke. PS det er normalt at høns fyller kroa for så å fordøye maten ofte om natta eller på vagla.
  10. Lykke til, det ert viktig å holde såret og bunndekket tørt og reint.
  11. Hanane får utvikla kammen (snabelen i panna) relativt tidleg. Etter kvart vil kjønna også vere lette å sjå med at hanane får den karakteristiske blå fargen rundt hodet.
  12. Ja du vil sikkert få krem (flamasine er betennelsedempande og har vore brukt på bumblefoot) eller kanskje mikstur. Pass på at det ikkje er små flis på vagla.
  13. Ein dyrlege bør sjå på dette, samtidig burde du kanskje sjå på vagla dine og bunnmateriale. Kva vaglar har du og kva brukar du som bunnmeteriale (bunndekke)?
  14. Prisilla

    Rugemaskin

    Ser ut til å vere ei flott maslkn dette, greit med ei som har automatisk vending.
  15. Dette er myting (fjærskifte) og er feilt normalt. Høns skiftar fjær 1 gong i året, i varierande grad. Fjæra som veks ut att kan ka ein heilt anna farge enn dei gamle. Mytingsgrada kan fortelje mykje om ei høne er flink å legge egg eller ikkje, ei høne som ikkje myter eller myter lite kan vere ein dårlig eggleggar. Under mytinga stoppar ofte egglegginga opp. At høns mister fjær kan også komme av lus, anna utøy eller innvendige parasittar, det er difor viktig å sjekke i fjæra, ormekur kan også vere greit å gi haust og vår.
  16. Dette er uønska oppførsel, slike indidvid vert ein egentlig oppfordra til å ta livet av og ikkje avle vidare på. Når det er sagt kan (ung) hanar ofte framstå som beskyttande for flokken sin, hanen gjer egentlig jobben sin han, eg har kurert nokre hanar på dette viset: Ta tak i hanen når han prøver seg, spring du har han vunne. Legg han på rygg i handa di og hold han slik ei stund. Kast han så bestemt frå deg (ikkje slik du skadar ham) i det du gjel høgt. Dette har virka her hos meg, både eg og småjentene har gjort det slik med umulige hanar. Virkar ikkje dette 5-7 gongen hadde eg tatt han.
  17. Dårlige gen og andre medfødde ting kan medføre tidlig død. Ofte er det vanskelig å seie nono om årsak
  18. Svulstar kan vere Mareks eller det vi kallar hønelammelse denne sjukdommen opptrer på ulike måtar og grad, enkelte frisknar tilsynelatande til men byllen kan utvikle seg til svulstar.
  19. Plutselig død kan td komme av oppblomstring av parasittar feks frå knått eller rød hønsemidd. Andre årsakar som fører til død kan feks vere leggenød hos høner, hos begge kjønn kan det vere sur eller tett kro/krås. Er det mange som dør over tid eller akutt bør ein snakke med veterinær og finne ut kva som er årsaka. Ofte kan dødsårsaka vere fleire sjukdommar som ofte opptrer ilalg eller åleine. Når ein gir anna mat enn hønsefor må hønsa ha tilgang til skjellsand eller sand og småstein, høns har ikkje tenner og treng dette for å male maten i kro/krås.
  20. Han er nok sjuk ja. har du sjekka det eg skreiv lenger oppe. Ser du andre avvik? Avføring, om vingane hen, haltar han osv
  21. Ok. Det kan forklare saka. Eldre høner får ofte prolaps i tarmen, leggenød er ofte ei direkte årsak til akutt død hos gamle høner. Eit lite tips når kroa er forstoppa. Isoler høna, ta frå henne all fast føde og gi kun flytande føde, mat yoghurt + ei skål vatn har berga mange, gi dette til kulen/kroa har løyst seg fulstendig opp. Stor og kard kro (som ikkje forsvinn) er ein forstoppelse som fører til at fuglen faktisk vil svelte i hel. Det same gjeld ved ballongaktig kro, her er den indre magen altså kråsa forstoppa og gjærer.
  22. Uff da Har du vore i kontakt med veterinær sidan sist eg snakka med deg? Det er veldig viktig å finne ut av kva dette er prisilla junior. Du bør få obdusert nokre av dei døde slik du får vite kva det er..det er vanskelig for oss andre å seie noko om det, det kan vere eit massivt (stort) angrep av mareks eller andre sjukdomar ein er pliktige til å rapportere. Ønsker deg lykke til, kan gjerne hjelpe deg om du treng det.
  23. At dei er feite kan vere ei årsak, mytinga kan foregå over lengre perioder og ei pause er heller ikkje å forakte på denne tida av året. Eg kjøper fortsatt kromat 110
  24. Det er ikkje uvanlig at delar av tarmen kjem ut når slike egg vert lagde, tilstanden vert kalla prolaps i tarmen og kan enkelte gongar rettast ved å presse tarmen tilbake ved hjelp av flat hand og lunka matolje. Fara for plukking eller kaniballisme er stor, så høner med denne tilstanden må isolerast eller avlivast slik du valgte, eg trur du gjorde det rette så lenge det var sår som blødde, lette å verte infisert.
  25. Han manglar det nok eit kvart. Om fjærdrakta er pistrete kan det vere myting, lus eller anna utøy og innvollsmakk. Kor gamal er denne hanen?
×
×
  • Opprett ny...