Ja med 1,5 kvm, vil dine 5 vaktlar få det flott. Eg har 12 vaktlar og har planar om å bygge hus til dei ute.Tenkjer eg satsar på 1,5 kvm, med eit like stort uteområde under delvis tak. Pr dags dato går vaktlane saman med 7 silkehøns på eit rom på 8 kvm. Dei storkosar seg og får flyge fritt. Men det er ein ting eg har tenkt på...vaktlar et og skit, ganske mykje. Pass på å bygge buret slik at reingjeringa vert enkel, gjerne med not i botn. Eg må røkte ganske ofte hos vaktlane. Dei har fått tildelt eit hjørne som er den faste tilhaldsstaden deira, her legg dei egg og produserar masse møkk : Dei brukar dagen til å springe rundt langs veggane, jaktar litt på kvarandre og er berre kjempe morsomme ;D