Jump to content

Prisilla

Medlemmer
  • Content Count

    4,276
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    69

Blog Entries posted by Prisilla

  1. Prisilla
    Produksjonen av sadel og bleier aukar. Sist veke sende eg 14 pakkar til kundar over heile landet.







    Har sydd litt andre variantar og den lilla under her er ein spesialbestilt vinter sadel.



    Har vore så heldig å få tak i ein rest av dette stoffet, først til mølla om det er nokon som ønskar sadel eller bleie av dette stoffet. Send meg ei melding, sadelen vert litt dyrare pgs av prisen på stoffet.



    HAr laga ein ny design på bleiene, denne har bedre passform en den første.



    Denne har eit bind i normal størrelse som innlegg i staden for kaffefilter.


  2. Prisilla
    Syr høne sadel på bestilling, har også planar om ein regn sadel.



    Sommer sadel Pris 120,- Frakt kjem i tillegg.



    Høne i myting med sommer sadel.



    Vinter sadel i boblestoff med ull innvendig. Pris 140,- Frakt kjem i tillegg.



    Innsida av vinter sadel- deilig ull.



    Høne i myting med vinter sadel.
  3. Prisilla
    Sidan vi no har minusgrader ute, har eg laga nokre islykter av ballong, det er så artig å sjå resultatet.
    Denne eg har lagt ut bilde av er nesten litt eventyrlig, fantastisk effekt, eg fylte ballongen med is kaldt vatn i varmt vatn, derfor får overflata slikt mønster. Skal verte artig å sjå dei andre...


  4. Prisilla
    Fekk meg litt av eit sjokk då eg kom i fjøsen i dag. Endene trur visst det er vår og har laga seg eit fint reir i eit hjørne. I reiret låg det 3 egg. Synd det er feil årstid og eg ikkje har ein make til desse to damene.



    Den andre overaskelsen i dag er at det låg eit lite fint egg inne hos Jumbo vaktlane, gjett om eg var glad...WIII!!!



    Jumbo vaktel egg, hønse egg og egg av and.

    Eg har også gått over silke hanane mine.

    Dette er Sølve, den einaste kvite silkehanen eg har, han er flott men har feil farge på kammen.



    Dett er Mikal, han er bort i mot perfekt, men har litt for langt nebb.



    Dette er Bottolf. Eg har endelig klart å få fatt i svarte silker med skjegg. Litt å jobbe med her og



    I veka skal eg av stad å kjøpe meg 4 brunfarga hollandske dverg høner. Gler meg
  5. Prisilla
    Har bestemt meg for å ta i bruk delar av fjøsen sidan den no er tom for dyr. Eg har valgt å bruke den minste delen på ca 70 kvm sidan dette er ein kaldfjøs.



    Slik tenkjer eg inndelinga tegninga er ikkje etter mål, berre ei laus skisse.



    Kjøkken med innlagt varmevatn.



    Stekke 1, ved sida av kjøkkenet.
    Her vert det plass til Svart DK og Silkene. Stekka er slik at skilljeveggane lett kan flyttast. Nokre av kyllingane og påfuglen har allereie flytta.



    Stekke 2. Storstekka. Her vert det plass til Jumbovaktel, Kalkun og Påfugl (storfugl)



    I storstekka er det og drikkenippel i kopp. Dørene kan åpnast begge vegar.



    Stekke 3. Her får faveroller og mix høns plass, endene skal vere innerst dette på grunn av at det er lunare der.

    Alle stekkane har strekkmetall rister så det vert praktisk med ender her. Stekkene er også senka under golvplan slik at det ikkje vert rot av spo og høy, tenkjer eg skal prøve talle i vinter fordi det kan trekke ein del under ristene.
  6. Prisilla
    Kyllingane er ca 4 veker gamle og kosar seg i eit kaninhus med tilhøyrande beitebur. Eg flytta dei ut for ca 1 veke sidan og det går superfint uten varmelampe. Dei har godt med spo og ei lita glidedør er montert slik dei held seg inne om natta.


  7. Prisilla
    Det er mai...eller er det det??? Makan til skit ver... trur mai månad er avlyst og at vi no får februar i reprise inntil feilen er retta. Her bes det til alle vergudar om ein flott vår med påfløgande strålande sommar, men inntil vidare har eg fått tilbake vind frå alle kantar med storm i kasta. I natt måtte eg ut å berge inn endene som går i ein hundegade, to av veggane er delvis kledde i tilegg til taket. Stakars Anda og Vanda var vettskremt, og vandra kvilelaust rundt. Eg tok dei med under stabburet der fjærballane som går fritt har tilstad om natta. Her vart dei plassert i eit stort hundebur innert inne, kledde buret delvis med ei pressening. Fru Hakkapelita Kalkun har vore på desse tidlegare og hakka dei både her og der. Endene kvekka og la seg godt til i høyet innerst i buret. I dag tidleg var eg tidleg ute, med for eit dritt ver, eg satte inn mat og vatn til endene og tenkte at dei fekk holde seg inne i dag. Seinare på dag måtte eg berre dei sleppe ut, FOR EIT GRISERI!!! desse to grisar med vatn noko vannvittig bokstavleg talt. Høyet var kliss vått og maten rota ut så alt hadde blitt til ein flott graut. Jaja ein lærer, dette gjer eg ikkje opp att. Frå no av er mat og vatn berre for utendørs bruk....
    Det må vel gi seg vel!? Trur jammen eg er så vand med dritt ver at eg trur det er slik det skal vere regnet renn i strie staraumar nedover vegen. Ikkje vits i å vere trekkfugl heller no, tenk å komme heim til dette!!!
    Eg vil berre flykte frå sur kald vind og våte prikkar som piskar meg i fjeset når eg er ute. No har eg fyrt i peisen laga meg ein god kopp kakao, små ting gir sjelebot. Hold på hatten folkens, det er iallefall fint ver å vere inne i
  8. Prisilla
    Bytta til meg egg av div Brahma mot kalkun egg for ei stund sidan. Då pakken kom fram var samtlige egg knust, 9 av 18 egg vart forsiktig fjærna ut av kassa. 4 av desse hadde ikkje fått innhald på seg, eg vaska forsiktig dei tilgrisa egga, satt dei i kvileposisjon i 2 døgn og bestemte meg for å prøve å ruge dei ut. Etter fleire runder med lysing sat eg att med 3 egg, alle desse har klekka. Eg vart lova nye egg, og ventar no i spenning på ny pakke i posten
    Den eine kyllingen vert sikkert svart bilde nr 1.
    Dei to andre eg gul/brune bilde nr 2.
    Håper det er høner


  9. Prisilla
    Nr 1 er ute, det pip iherdig frå dei andre egga. Åååh dette er berre så gøy
    4 kyllingar vart det, 1 døde og en må ha fotband, den går ut i spagaten.
    Laga fotband av eit tynt silkeband, nål og tråd. Pass på å ikkje lage det for stramt eller for slakt, etter 1 døgn tok eg av bandet, kyllingen var heilt fin
  10. Prisilla
    Etter ein lang vinter med X anntal liter vatn bært både i forse og flytande form og armar så lange som Eifeltårnet kom endeleg våren!
    Kong vinter banka på døra med snø i midten av oktober og gjorde tilverelsen lite kjekk, sola forsvann i november og det vart kaldt...veldig kaldt.
    Vannautomatane fraus etter nokre få timar og sta som eg er vart dei bytta ut med nye automatar med lunka vatn, golvet i vaskerommet har hatt fast besøk av vannautomatar til tining i heile vinter.
    Eg bestemte meg tidleg for å prøve ein vinter utan bruk av straum, det hadde ikkje gått om det ikkje hadde vore for at eg går langtids sjukmeldt. Ei erfaring rikare ser eg no tilbake på ein vinter med spart straum og høns som ikkje har tatt skade av kalde minusgrader. Utfordringa har vor at reingjeringa har vore vanskeleg, bunndekket har vore stappande frose. Løysinga vart å strø på ny frisk kutterspon opp på den gamle, fekk litt av ein jobb når dette starta å tine
    No er endeleg markane fri for snø, både høns, ender og kalkun trioen får vere ute fritt på tunet. Silkene er fortsatt inne, har ein jobb i forhold til utegarde til dei.
    I forge veke slakta vi overskuddshanar, samtidig henta eg meg ein Tverrstripa Plymouth Rock hane, han fekk overta ein fin flokk på først 2 så 2 høner til der ei av hønene også er tverstripa PR. Denne hanen har aldri fått vore ute i det fri. Så etter eit par dagar for å gjere seg kjend med stabburet og to av hønene, fekk han komme ut og treffe dei to andre. Her vart det ein liten kamp med sjefshøna, da han sikra seieren flaksa han og flaug med triumferande og høge kyykkelllikyyy resten av dagen. Herlig skue
    Min lenke

    Den eldste svarte silkehøna klekkte 10 kyllingar 2 mars, ni overlevde første døgnet. 16 mars klukka dattera hennar og klekkjer kyllingar i skrivande stund. No er eg spent på utfallet, tre egg ligg også i rugemaskina og har klekke dag i dag. Så vert det påskekyllingar i år og
    Snøklokkene og kvitveisen blomstrar i kapp med krokkus og klosterklokker, små spirar av påskeliljer stikk opp av jodra og snart spring lauvet ut. Våren er utan tvil min favoritt, nytt liv og gode dagar å sjå fram til.
    Ønsker alle ei god påske!
×
×
  • Create New...