Jump to content

Mone

Medlemmer
  • Content Count

    458
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Mone

  1. Kanskje det ja.... Meiner å ha høyrt at hønene legg eit visst antal egg i løpet av eit liv, og desse er "klar" i høna frå fødselen av... men har ikkje funne det att nokon plass..
  2. Stussar på at det er fleire tusen eggceller som ligg klar til å bli egg, det betyr fleire tusen egg på ei høne, tusen egg vert vel omlag 4 år, så to tusen, på ei 8 år gamal høne.. Tenkjer eg heilt feil no??
  3. Korleis gir du ampresol Tuppene på Fjellhøy, er det som med koksid?? Veit du pris i forhold til gamebird,??
  4. Faverolles er også lett å sjå tidleg, hanane får ein svart flekk på vingen ganske raskt!!!
  5. Mone

    Kalde egg :/

    Mi rugemaskin skal stillast inn til kjøling av egga to timar i strekk kvar dag, frå dag 7-19. Så eit par timar trur eg berre er sunnt, men 4-5 er vel kanskje litt mykje då.. Håper det går bra med alle egga!!
  6. Det treng ikkje spele noko rolle med hønerase i byrjinga, det kjem etterkvart, det kan eg love deg!!! Men er det svært kaldt om vinteren der du bur, under -10 og du ikkje har isolert hønehus, bør du kanskje prioritere høner med liten kam!! Elles anbefaler eg kjønnssorterte kyllingar viss du kan få tak i første gongen, så kan du etter kvart utvide, det vert somregel slik med oss alle Lykke til!!!
  7. Eg har ikkje silker, berre silkemix, som eg tilvende slik... men det er leeeenge sidan no
  8. Tips for å få tak i hønene er å gå inn til dei etter dei har lagt seg til for kvelden, då er dei mykje lettare å få tak i, viss du har ei hovudlykt kan du lettare lyse medan du held hønene og kikar i kloakken, der vil det garantert sitte lus dersom det er lus!!!
  9. Oj, det blir pangstart Spurven!!! masse lykke til
  10. Mone

    lohman

    Ofte er det slik at verpehøner bruker all energien på å legge egg, og difor veks ikkje fjøra ut att slik som på prydhøns...
  11. Du kan venne dei til vaglene ved å flytte dei opp om kvelden etter at dei har gått til ro, nokre dagar med flytting, så går dei kanskje opp av seg sjølv om kvelden!!
  12. Egga skal stå med den butte enden opp ja, og du kan bruke polstringa som skal vere mellom skiljarane til å støtte opp på endane. Eg har klekkt to gongar med mi Octagon advance 40 ex, og er supernøgd!!! Lykke til!!!
  13. Om dei får mat om morgon, kveld og natt, og er ute på graset på dagen, skulle det ikkje vere problematisk å ta vekk maten på dagtid. Hønene venner seg snart til kva tid dei får mat. Og på dagtid et dei gras og anna godt dei finn ute uansett!!! Prisilla vart hakket før meg ser eg....
  14. Mone

    Utøy i hønsehuset.

    Lus og lopper er to forskjellige dyr, men mulig at behandlingsforma er den same!!
  15. Her brukar vi å stappe dei ned i ei bøtte med kaldt vatn... men einig i at krampane kjem med ein gong!!
  16. Eg meiner å hugse at mine tidlegare sussexhøner hadde litt kam, men den er heilt lys, fargen kjem først rett før dei skal legge egg. hanane var det tydeleg farge på!!
  17. Spennende med smijarnsampelar Kriola, men om du heng dei høgt opp, kjem hønemor seg ned og får seg mat og drikke då??
  18. Hønene vil ha det veldig bra i ein stor utegarde i tillegg til hønsehuset!! Om du tenker på industrihøns går det mange høner pr kvadratmeter, og det er vel dei økologiske som har tilgang på utegarde. (ikkje sikker på dette) Våre hobbyhøns får både matrestar, gras, strøkorn/frø og anna snacks, dei har mykje meir plass enn industrihøns, og dei får mykje omsorg og kontakt med oss menneske. Eg tvilar ikkje på at hønene dine vil få det godt sjølv om du set opp utegarde til dei Det viktige når du no lagar utegarde er at du sikrar både mot firbeinte rovdyr og mot flygande!! Dersom du tek ei stripe not og knekk den i 90 grader vinkel på langs og legg den langs gjerdet og festar godt, vil det hindre f.eks rev å grave seg inn (reven grev alltid heilt inne med gjerdet), nota må sjølvsagt vere av god kvalitet. Over utegarden kan du ha tak eller not, det kan vere gamle sildegarn, eller trålnot eller liknande som har god styrke. Ikkje gi opp denne flotte hobbyen!!!
  19. Eg har Octagon 40 Advance ex, den har fungert supert på mi eine ruging, alle egga klekkte!!! Nye egg lagt i maskina i dag!!! Veldig greit at den har alt digitalt, varme og fukt... Anbefaler den!!
  20. Octagon 40 Advance EX har fungert supert her i alle fall, Mi første maskin og full uttelling på frøa egg, alle klekte, og alle lever etter ei god veke!!! Anbefalast!! Bruk gjerne undulatsand som underlag første veka, så et dei ikkje spon..
  21. En time går heilt sikkert bra, på mi nye maskin skal det vere lufting to timar i strekk, altså kjøling av egga i to timar i strekk per dag, og det går jo flott!!!
  22. Eg har Octagon 40 Advance Ex, har ruga ut ei klekking med kyllingar, då var det 32 egg, og to av egga var eg usikker på befruktninga på, men let dei ligge. Det klekka 30 kyllingar, og dei to egga eg var usikker på var tome. Heilt super maskin, i alle fall etter mi første klekking!! løp og kjøp
  23. Det kan ikkje vere automatisk kjøling då?? Det er instilling for automatisk kjøling på mi Octagon 40 advance ex, og eg kan stille kjøling på null, ein eller fleire timar.. Etter 7 dagar i maskin stilte eg inn automatisk kjøling 2 timar pr dag, etter anbefaling frå produsent. Og så slo eg av kjølinga på dag 19, samtidig som eg stoppa vugga. Eg fikk full uttelling på befrukta egg, altså ingen kylllingar som døde i egget!!! Fantastisk kjekt!! (på første ruging)
  24. Egga kan klekke 5 dagar på overtid, det har eg erfart i alle fall, og dersom hønemor har hatt mange å varme, kan det vere litt sein utvikling som gir seinare klekking. lys farge i den butte enden og mørk farge elles tyder jo på at det er utvikling, det lyse er luftlomma og det mørke er der kyllingen ligg. Uansett kjedelig at det ikkje blir fullborne kyllingar, bedre lykke neste gang!!!
×
×
  • Create New...