Jump to content

Walsvikjen

Medlemmer
  • Content Count

    136
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Walsvikjen

  1. Har dessverre fått påvist både IB og mycoplasma i flokken min i dag Hønene hadde nesten ikkje symptom, men eit par av dei hadde litt smånysing innimellom. Trudde at dette berre var vanleg "forkjølelse", men fekk vite at det ikkje var noko som heitte forkjølelse hjå høns. Bestemte meg da for å teste, og alle prøvane var positive. Oppfordrar alle til å gjere det same, enten hønene viser symptom eller ikkje. Mange av dei hønene som vart testa har aldri vist tegn til sjukdom før, men testa positivt på begge sjukdommane. Er nok mykje meir sjukddommar i hobbyhøns flokkane enn folk flest trur. Her trengs ikkje nedslakting då det ikkje finnst hønseri i nærheiten, men vurderer og slakte ned likevell for å være 100% sikker på at alt av smitte forsvinn.
  2. Veit at han som driv denne heimasida har masse emu: http://www.stirling.no/. Han hadde annonse ute på finn.no i fjor der han selde emukyllingar
  3. Har gjort det samme fleire gangar med ei dverg sussex høne her og. Ho godtek kyllingane kvar gong, men det er berre denne eine høna som gjer det
  4. Walsvikjen

    Økologisk fòr

    Felleskjøpet sitt økologiske for heiter Natura egg
  5. Da er det nok ei tyrkerdue ja Har aldri høyrt om desse duene før, så eg gjekk berre utifrå at det var ei latterdue Men dei er jo svært like. Denne var ikkje særleg redd heller. Var på ca 1 meters hold før ho flaug. Fantastisk vakre fuglar.
  6. Walsvikjen

    "Vill" Latterdue

    Hei. Såg denne latterdua på trappa mi då eg kom ut i stad. Latteruder lever vel ikkje vilt i Norge? Trudde ikkje heilt mine eigne auger når eg såg den. Det er vel sikkert ei som har rømt, men den er iallefall ikkje her i frå. Er berre ei lita bygd med litt over 100 inbyggere, og er ganske så sikker på at ingen av dei har latterduer.
  7. Walsvikjen

    egg

    Har ikkje peiling, men sidan Welsumer er ei av dei hønene som legg størst egg vil eg tippe Welsumer dverg
  8. Bestemora mi har alltid råmelk fra ku i frysen i tilfelle det blir født svake lamb, eller at mora har for lite melk. Har alltid gått heilt fint. Svake lamb blir iallefall mykje kvikkare med ein gang dei har fått i seg råmelka
  9. Så lenge det ikkje er sprekker i egga trur eg det vil gå bra
  10. Her ligg 3 ender på egg allerede. Så lenge egga ikkje har vore frosne går det heilt fint
  11. Da var årets 2 første moskusandunger klekkt :)

  12. Endene kan ete akuratt det samme som hønene ja. På vinterstid og utanom eggleggingsessongen kan det vere lurt å gi dei oppdrett 2 istadenfor egg 110. Det er ikkje bra med for mykje kalk. Første moskusandparet mitt hadde eg saman med hønene. Det viktigaste er å ha nok plass til dei, då blir det ingen konfliktar. Du må kanskje reingjere litt oftare sidan endene er VELDIG flinke til å grise Det trur eg dei fleste som har ender kan skrive under på
  13. Har hatt mattilsynet på besøk i dag. Fekk stjerne i boka, ikkje ein ting dei hadde å pirke på :) Er storførnøygd :)

  14. Fekk eit ekstremt lite egg i dag. Har lagt ut bilde i galleriet. Egget var mindre enn det minste vaktelegget eg har :)

  15. Walsvikjen

    Melormer

    Har du link til denne nettbutikken? Treng påfyll av melorm. Har nokre kyllingar som er heilt ville etter melorm
  16. Her er link til denne boka. Den finns i to versjoner, innbundet og hefte. Den som er innbundet koster 161kr. Den andre koster 113kr. Innbundet: http://www.tanum.no/tanum/product/product-detail.action?id=9781603426930 Hefte: http://www.tanum.no/tanum/product/product-detail.action?id=9781603426923
  17. Korleis går det med dette prosjektet Arne aka Norwegian? Er veldig spent. Har du bilder du kan legge ut? Høyrdes ut som ein veldig flott rase du driv på med
  18. Brukar oppdrett 2 her og. Det kan både voksne og andungar få. Blandar det 50/50 med strøkorn no vinterstid for å holde ei god vekt på dei. I tillegg får dei mykje brød og grøntfor ved sidan av
  19. Har fått eit fint lite hoppeføll i dag! Var stor overraskelse når eg kom heim :)

  20. I dag vart ein av dei store revane som har herja i tunet her skoten!! Har lagt ut bilder i galleriet mitt :)

  21. Sjekk denne linken. Her får du kjøpt svarte pærer. Har ikkje vore borti dei før, men har lenge tenkt på å prøve enten svarte eller keramiske. Dei keramiske varmepærene gir ikkje frå seg lys i det heile. http://www.bristols.no/categories/terrarie-varme
  22. Fekk eit merkelig egg i dag. Har fått mange skinnegg tidlegare, men ingen egg som dette. Kva er det? Har egget starta utviklinga inni høna? Legger ved bilder av egget.
  23. Trur det er hanen som har genet for mørkt egg. Kjem hanen frå eit mørkt egg, vil avkomma legge mørke egg. Er iallefall slik eg har forstått det Så viss hanen din kjem fra eit mørkt egg vil avkomma legge mørkare egg enn mødrene. Mine minorka/maran kryssningar legg ganske mørke egg. Minorka legg vanlegvis beinkvite egg, så eg vart ganske så overraska over at avkomma la mørke egg. Det var då eg fekk vita at det var maranhanen som bestemte fargen på egga
  24. Har slakta juleand i dag :)

  25. Er ikkje det litt farlig for hønene likevell? Tenk viss hønene et dei døde musene, då får dei jo giften i seg likevell.
×
×
  • Create New...