Jump to content

Walsvikjen

Medlemmer
  • Content Count

    136
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Walsvikjen

  1. Her får alle dyra kromat oppdrett 2. Grunnen til det er at eg har mange ender og ei gås som går fritt i lag med hønene. Ellers har dei fri tilgang på skjellsand og dei får mykje frukt, grønt og brød.
  2. Viss du frys bæra vil det vel få same effekten som ei frostnatt, eller? Har tenkt å plukke ein del rognebær i helga viss eg finn. Har gitt det til hønene før og det har vore stor suksess kvar gong
  3. Då er 54 vaktelegg komne i rugemaskina :)

  4. Da var nye bilder lagt til i galleriet av sultan, svarthøns og moskusand :)

  5. Har vore på ein liten hønsetur i dag. Kom heim med 0.2 sultan, 1.1 svarthøns, 1.2 rouenand, 1.1 indisk løpeand og 0.0.6 mille fleur. Tusen takk til Nybakt hønemor for fine høner.

    1. Walsvikjen

      Walsvikjen

      Hei. Takk! Fekk tak i svarthøns av nybakt hønemor. Fekk ei høne og ein hane, så satstar på å kanskje bygge opp ei flott lita stamme av svarthøns :)

    2. s_monica_joh@hotmail.com

      s_monica_joh@hotmail.com

      Aha, da håper jeg på å kunne bestille noen rugeegg til åres igjen da kansje! ;))

    3. Walsvikjen

      Walsvikjen

      Ja, håpar på at høna startar egglegging snart att slik at eg kan få ruga ut nokre egg. Svarthøns er flotte høns. Berre å ta kontakt til våren og høyre om eg har rugeegg til salgs :)

    4. Show next comments  6 more
  6. Har ein godt egna plass til volieren. Det er i ein flott liten avskjerma krok attmed ein stor ,svær stein. Gjerde har me sett opp 10-15 meter fra volieren slik at hønene ikkje kjem seg nærmare.
  7. Flott! Takk for gode tips. Da blir det nok vingeklipping i tilleg til ei not under taket for å vera på den sikre sida. God beplantning i volieren er vel også viktig for at dei skal kunne trivast, eller?
  8. Takk for god info! Ja det er i mot lovverket, men kommunen kan gi tillatelse likevell viss det er i "næringsmessige hensyn". Har tenkt til å avle opp ryper for så å settja ut att oppe på fjellet. Rypene her på fjellet har vore litt for hardt jakta på, slik at stamma er blitt veldig liten. Derfor var kommunen positive til at eg ville avle fram og setje ut ungdyr. Det var på grunn av evt smittespreiing eg rekna med at rypene måtte fangast inn her på fjellet. Går det ann å vingeklippe rypene slik at dei ikkje klarar å flyge rett opp i taket? Eller er det ikkje så lurt kanskje?
  9. Takk for god info! Ja det er i mot lovverket, men kommunen kan gi tillatelse likevell viss det er i "næringsmessige hensyn". Har tenkt til å avle opp ryper for så å settja ut att oppe på fjellet. Rypene her på fjellet har vore litt for hardt jakta på, slik at stamma er blitt veldig liten. Derfor var kommunen positive til at eg ville avle fram og setje ut ungdyr. Det var på grunn av evt smittespreiing eg rekna med at rypene måtte fangast inn her på fjellet. Går det ann å vingeklippe rypene slik at dei ikkje klarar å flyge rett opp i taket? Eller er det ikkje så lurt kanskje?
  10. Hei. Har lenge tenkt på å starte oppdrett av rype. Har fått klarsignal av mattilsynet og kommunen i dag, så då er det berre det å gi beskjed til fylkesmannen som gjenstår. Har vore i kontakt med kommunen og dei var veldig positive til dette. Nokon som har litt info om dette? Finst det oppdrettarar av rype i Norge lenger? Viss ikkje det finst oppdrettarar må eg vel søkje om å få fange rypene inn sjølv. Viss eg får tilatelse, kva er best å fange inn, vaksne fuglar eller rypungar? Veldig takknemlig for info!
  11. Det var ikkje bra Kanskje det ikkje er så lurt med desse eggkoffertane likevell.
  12. Ja det var den eg meinte Sjølvsagt må jo egga pakkast godt inn i den og. Tenkte og fylle den med sagspon eller papir først slik at egga passar inn. Tenkte at den ville sikkert beskytta egga betre sidan den e laga av hardplast. Har fått mange pakkar med egg i posten der eggekartongen har blitt bulka i enden sik at egga var knust.
  13. Kom over denne eggkofferten då eg surfa på nettet i dag. Tenkte at det kanskje hadde vore mykje betre å sende rugeegg i ein slik, enn i mjuke pappkartongar inpakka i bobleplast. Nokon som har prøvd dette?
  14. Er ein liten smule forvirra her no. Kunne du ha komt med ein oversikt over kva slags hønsefor som ein fortsatt kan få kjøpt i 25kg sekk?
  15. Då var 5 nye lohmann høner i hus. Var ein bil som stod og selde på den lokale rema1000 butikken :)

  16. Flott! Då veit eg kva eg skal gjera til neste år Svømmefugl er ikkje så lett å ruge ut i maskin, så kvifor ikkje bruke måsereir? Treng jo ikkje ta vekk måsen sine egg viss du berre legg oppi eit egg eller to.
  17. Hei. Laurdag for 2 veker sidan plasserte egg for morro skyld 3 høneegg i 3 forskjellige måkereir. Har vore og lyst egga i dag, og ser at det er fin utvikling i alle 3 egga. Nokon andre som har gjort dette før? Reiera var blitt røva for egg fra før og var tomme. Måkene låg berre på luft. Var turistar som hadde teke egga. Lagde høneegg i reira og sette opp skilt om at eggrøving var strengt forbudt, og ville bli anmeldt. Naboen hadde og eit måkereir på taket som skulle fjernast, så dei egga tok eg heim og lagde i rugemaskina. Desse egga er det også god utvikling i. Tenkte at eg skulle byte desse egga ut med høneegga rett før klekking, slik at ruginga til måkene ikkje har vore heilt forgjeves.
  18. Eg pleier å putte egga i rugemaskina med ein gang, men eg ventar alltid 1 eller 2 døgn før eg startar vendinga. Dette har iallefall fungert fint for meg.
  19. Det burde gå bra ja. Høyrest ut som klukkhøna di og er veldig snill, så det vil sikkert gå bra. Det er viktig å følgje med høna i tilfelle ho ikkje godtar kyllingane alikevell. Då kan ho drepe dei. Eit lite tips er å vente til at høna har lagt seg med kyllingane sine. Då er det berre å legge ein og ein under slik at alle finn seg ein god og trygg plass under høna. Viss kyllingane er nyklekkte pleier ikkje det vere noko problem. Viss dei er nokre dagar eller veker gamle, kan det ofte bli slik at dei ikkje skjønnar at høna er mora deira. Men det går seg som regel til litt etterkvart. Det er i vertfall det eg har erfart.
  20. Hei. Eg har ei høne her no som er fostermor for fleire andre kyllingar og andungar enn sine eigne. Ho klekkte fram 5 moskusandungar sjølv, pluss at ho tok til seg 1 tre vekre gamal mikskylling, 6 to veker gamle løpeandungar, 1 to veker gammal mikskylling og 2 marankyllingar som vart klekkt i dag. Har ikkje hatt noko problem med at høna vart sint på kyllingane. Egga som er ubefrukta eller daude kan du fint byte ut med levande egg så lenge dei har same klekketid. Viss ikkje dei har same klekketid, vil høna gå av egga når dei første kyllingane er klekkte. Høna ligg ikkje stort meir enn 2 dagar etter første kyllingen er klekkt. Då vil resten av egga som ikkje er klekkt døy.
  21. Tusen takk for flott svar! Da blir det nok til at eg skaffar meg både kinesisk dvergvaktel og eurovaktel.
  22. Så flott! Har lenge lurt på å starte opp med vaktlar sjølv. Har høns no, men det hadde vore kjekt med litt variasjon. Har tenkt litt på kinesisk dvergvaktel og eurovaktel. Legg dei kinesiske dvergvaktlane like mange egg som eurovaktelen?
  23. Brahma og Welsumer manglar og.....
  24. Tusen takk for svar Nokon som veit om nokre oppdrettarar?
×
×
  • Create New...