Jump to content

annastova

Medlemmer
  • Content Count

    21
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

annastova last won the day on June 13 2013

annastova had the most liked content!

Community Reputation

1 Nøytral

About annastova

  • Rank
    Nyklekt
  • Birthday 05/07/1984

Contact Methods

  • Website URL
    http://annastova.nilsgard.no

Profile Information

  • Kjønn
    Male

Recent Profile Visitors

4,781 profile views
  1. annastova

    Vi med Hedemora

    Vi har Hedemora 3,2.
  2. Det er ein stor produktiv fordel for hønene at hanane ikkje kan voldta dei. Det er fleire ting som tyder på at hønene har utvikla ein tendens til å verdsetje gode sosiale strukturar, og då er det ikkje så rart at alle må skjønne reglane og halde seg til dei, viss ikkje blir det kaos og svært usosialt. Hønene kan mellom anna "spytte ut" sæden til hanar dei meiner er underlegne, om dei ved eit uhell skulle "sleppe til". Dette er ikkje "udarwinistisk" i det heile - eg ser det som eit høgt utvikla trekk for dyr som lever i sosiale konstruksjonar. Penismangelen gjer at hanane må innrette seg etter normene og dei andre dyra - og så vel naturen ut dei sterkaste til å leie gruppa og dermed få parre seg oftast.
  3. Eg har ei "førstegangsmor" som har gått saman med ein ung hane og ei anna ung høne frå kyllingane var små. Dei kunne ikkje brydd seg mindre, i alle fall. Mora heldt dei på avstand dei første dagane, no går dei alle saman rundt kvarandre, har aldri sett at det unge paret har så mykje som registrert at kyllingane er der. men har høyrt om både høner og hanar som har vore stygge med andre sine kyllingar, så det er individuelt. Eg ville prøvd å la dei gå saman, det er det enklaste. Då blir kyllingane integrert i flokken og du slepp drama seinare. Ver veldig obs dei første dagane, viss det går bra så går det nok bra sidan òg.
  4. Hedemora er vanskeleg å få tak i, strevde lenge før eg endeleg fekk kjøpt rugeegg i fjor. Av dei seks som klekka har eg eitt par att (revebesøk i fjor haust...), og dei er i slekt, men foreldra er ubeslekta.Har klekt fire kyllingar frå dei denne veka, ein var svakeleg og døde. Egga i testruginga var godt frødde. No har eg fylt opp rugemaskina med ti egg. Eg kan selge eller bytte rugeegg (vil gjerne ha Maran...!) frå dette paret, men eg har ingen dyr å selge. Eg ville bytta ut rugemaskina, for eg trur det er svært vanskeleg å finne kyllingar til sals av denne rasen pr. i dag.
  5. Utstillingsdyr må følge standarden for å få ei god vurdering. Hanen er kjempefin, men standarden har ingen farge som er brun og svart, det er ein blandingsfarge. Om krøllfjør står det i standarden for DK: "Lange, ret brede, krøllede og krusede fjer fra hoved til hale, med så tæt og rigeligt krøl som muligt. Alle kropsfjer viser tydeligt krøl med mindst en halv omdrejning. Halsfjer viser halskrus. Vingefjer og halefjer findes med normalfjer, men også her ønskes enkelte krøllede fjer." DK er kun godkjent i kvitt, svart og gult med krølla fjør. Raudt i fjørdrakta er ein a-feil på svarte dyr, det vil seie at dyret ikkje vil få vurdering. Med normale fjør er DK godkjent i kvitt, svart, gult, blått, perlegrått, raudt, svart kvitpletta, tverrstripa, gul tverrstripa, blå/svartspetta, svart sølvbrysta, gull/svartbanda, sølv/svartbanda, laksefarga, kvit/svart columbia, gul/svart columbia, legbar, Gull/svart porselen, perlegrå gråstripa, gull/svart/kveitefarga og kvit/blå columbia, alle med definerte krav til teikningar og fargesamansetjing på høner og hanar.
  6. I gamle dagar sa dei at høna alltid skulle få elleve av sine eigne egg å ligge på - og om ikkje elleve, så i alle fall eit oddetal! Å ruge ut eit partal egg tydde ulukke for både høna og garden. Dette klassifiserer sjølvsagt som overtru, men ein kan lære noko av det òg. Sidan det nesten aldri er 100% suksess med ruging vil vel kanskje det seie at eit passe tal for ei høne å passe på er åtte-ti, ein normalt bra klekkeprosent for elleve egg. Førstegangsrugarar kan for sikkerheits skuld ha litt færre å passe på. Nokre høner er veldig standhaftige på å ligge på egga uansett, eg flytta ei brahma-miks to gongar no i vår (idiotisk, men eg var ikkje førebudd på at ho skulle legge seg til...), og ho låg like fint. Hundre prosent klekking vart det òg. Det er nok lurt, viss ein flyttar høna, å plassere ho ein stad der ho ikkje kjem seg så langt bort frå egga. Viss ho då skulle gå av reiret kan det hende ho kjem på betre tankar viss ho ikkje kan spasere så langt og gløyme heile greia.
  7. Eg brukar å såvidt lette på lokket og snappe til meg eggeskala, synst dei ser så skarpe ut... Men eigentleg trur eg ikkje det gjer så mykje om dei ligg der heller, så kan du ta ut skala saman med kyllingane. Kyllingane treng ikkje mat på omtrent to døgn, men litt undulatsand og litt vatn kan dei få når dei kjem ut. Viss dei ikkje skjønar deg på det hjelp det å "hakke" litt i sanden og vatnet med ein finger. Då brukar dei skjøne poenget. Klekking her òg i dag! Spanande og veldig interessant!
  8. Dei gjer ingen skade på dei andre egga, lat dei vere i maskina til dei er heilt tørre og fine. Dei veg nesten ingenting, så dei greier nok ikkje å knuse "søskena" sine
  9. Høner er stort sett flinke til å ikkje ete det dei ikkje tòler dersom dei får valet. Høner kan ikkje ete avocado, tomatplanter (tomatar går fint, tomatplantene er faktisk giftige for menneske òg), potetkål, rabarbrablad, enkelte prydvekster (men dei skal uansett ikkje gå i blomstersengene, skal dei?), kirsebærsteinar og -blad, mango, koffein (kaffi og te), eple- og pærekjerner og alle former for kakao, dvs sjokolade, kjeks eller frukostblandingar med kakao og kakaobark (vanleg som prydbark). Unngå også svært salte eller søte matvarer. Det at dei ikkje kan ete ting på A stemmer ikkje heilt, berre dei ikkje får avocado. Utegåande høns et stort sett berre det dei kan fordøye, men kakaobark er etter det eg han skjønt litt risikabelt. Kanskje dei ikkje har innebygd forståing for kva det er?
  10. Oi! Har du ruga utan maskin? Det skal mykje til før det blir vellukka, egga krev ganske nøyaktig og jamn temperatur og fukt. Men viss det er liv, er det håp! Ikkje flytt egga under varmelampe, lat dei stå der dei har stått. Strålevarmen frå lampa vil antakelegvis steike og tørke inn kyllingane. Dag 19 skal du slutte å snu egga. Auk fukta noko for å unngå at hinna i egget tørkar inn. Viss du får ut kyllingar kan dei gå under varmelampe etter at dei har tørka i duna. Spent på om dette går! Det er mykje som kan gå gale under kunstig utruging, også viss ein brukar maskin, så eg må innrømme at eg ikkje er særleg optimistisk, men ynskjer deg hjartelegast lukke til!
  11. Det er som kikki seier ikkje lurt å mate hønene ute. I tillegg til auka smitterisiko fordi ville fuglar blir med på festen kan det tiltrekke rotter og mus, dyr som er svært upopulært blant naboar, og dessutan nokre skikkelige plagsomme skapningar uansett kvar ein bur. Særleg rotter bør ein for ein kvar pris prøve å halde unna. Mat hønene inne, og ikkje gi dei meir enn dei kan ete opp innan rimeleg tid. Tilrår å lese meir om diverse sjukdommar på sida til Prisilla (lenke på innlegget hennar ovanfor), slik at ein veit litt meir om ulike symptom o.l., men hugs at eit dødsfall ikkje naudsynleg er teikn på alvorleg sjukdom. Ein treng ikkje få panikk, døden er ein del av livet også for høns. Faktorar som stress og alderdom kan vere utløysande, og heilt naturleg. Ta kontakt med veterinær dersom fleire dyr døyr på kort tid. Dette ansvaret har alle som driv med dyr, for å hindre epidemiar som kan ramme mange fleire enn deg sjølv, og på sikt truge matproduksjonen. Dette ynskjer vi ikkje i Noreg!
  12. Det er ikkje naudsynt å legge nytt golv. Nokre av mine går på betonggolv dekka med eit godt lag med halm. Eg likar halm, synst det ser betre ut enn flis og synst også det støvar mindre, dessutan blir det flott kompost av det. Pass på at dekket er såpass tjukt at golvet er godt dekka, særleg viss det er golvkaldt om vinteren. Det er heller ikkje naudsynt å isolere veggane, med mindre dei er veldig trekkfulle. Høner tåler litt kulde, men dei kan bli sjuke viss det er for mykje gjennomtrekk. Det må òg vere tørt inne. Fukt er ikkje bra for hønene, pluss at utøy likar seg betre. Men det enkle er ofte det beste, ein treng ikkje å lage menneskestandard for at hønene skal synest det er heilt topp!
  13. Variert fôr er berre bra heilt frå starten. Mi klukkhøne tok kyllingane med seg ut nesten med ein gong dei var ute i vår, og var så ivrig etter å finne makk og godbitar til dei at både mold og kyllingar fauk til alle kantar. Noko av det første dei fekk tak i var ein tordivel, men den var litt stor for dei, så mamma delte han opp i bitar for dei. Då gjekk han ned på høgkant. Berre pass på at kyllingane har tilgang på litt grønt og litt korn, pluss sand og reint vatn, så kan dei ete insekt og sniglar av hjartans lyst.
  14. Hedemora er ikkje ein kjønnsvisande rase, det er ingen skilnad på hane- og hønekyllingar ved klekking. Det beste er å vente i fire til seks veker, då vil hanekyllingane ha fått litt kam medan hønekyllingane vil ha mykje mindre. Elles er Hedemora ein nydeleg rase, har aldri sett på maken til kjælen og rolig høne som hedemorahøna mi Silvia. Mannen hennar, Carl II Gustaf, er óg tam og triveleg. Dei blir foreldre til (forhåpentlegvis) ni kyllingar neste veke, satsar på mange artige fargar, slik rasen er kjend for. Eg har ikkje ringmerkt mine hedemora, men vil anslå 18 og 20 mm, sidan rasen er sånn middels stor.
  15. Eg jobbar i Posten og vil absolutt anbefale deg å sende egga som brev. Når du sender dei som Norgespakke kan dei bli ganske røft behandla og kræsje med pakkar på opp til 35 kg i sorteringssystema, dessutan spisse og kantete ting som uemballerte syklar og andre ting folk likar å sende med pakkepost. Brev kan vere ganske store, inntil 60 cm på langsida, men høgde+breidde+lengde kan ikkje overstige 90 cm. Brevet kan vege inntil 2 kg. Dette burde halde til ein god del egg, sjølv om dei er godt innepakka. Dessutan er det billigare fordi Posten ikkje treng å spore det, maksimum 120 kroner innanlands.
×
×
  • Create New...