Jump to content

Chickena

Medlemmer
  • Content Count

    465
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    6

Everything posted by Chickena

  1. Her samler eg egg av tverrstripet maran for tida, og desse skal eg putte i maskina kommande veke. Dette blir mine første egne marans med ny hane. Bruker ei octagon 20 som fungerer heilt supert kjøpte den i 2013, trur eg I veke 11 får eg rugeegg av gull blåranda wyandotte og kobberhalsa maran. Gleder meg!
  2. Chickena

    Fore opp kråkeunger

    Faren min hadde to kråker som heitte Kari og Knut da han var rundt 10 år. Det beste desse kråkene visste var kokte poteter. Det ser eg også no når eg gir hønsa mat at kråkene sit klar og håper det skal bli noko att til dei Elles gav han dei meitemark og restar etter måltid heime. Dei følgde han kor han gjekk og sat utanfor skulehuset mens han var på skulen. Dei er veldig sosiale fuglar.
  3. Herregud.. Eg las om kutan form på sida di! Det stemmer på ein prikk! Dette var kyllingar frå tilsendte rugeegg, som det kom 4 kyllingar på 12 egg. Dette var ein hane... Den hadde ingen fjær i rumpa, innstørka små blodflekker som om han hadde nappa ut fjæra.. Eg har aldri sett liknande. Kan dette spre seg til dei andre kyllingane??
  4. Eg avliva ein 11 veker gammal kylling i dag. Den har handla ei god stund. Den har vore slapp, ete lite, sett pjusk ut og veldig oppblåst. Når eg opna den rant det ut masse gul væske og en gul klump på størrelse med en lime. Er det nokon som har opplevd liknande??
  5. Chickena

    Ukens rase

    Då får eg skrive litt om den rasen eg kan mest om, nemlig Australorps Australorps er ein forholdsvis ny rase som blei framavla i Australia. Rasen blei utvikla frå svart Orpington og navnet er ei sammentrekning av australsk Orpington. Rasen blei utvikla fordi ein ønska å utvikle ein type høns som la fleire egg enn Orpington og Australorps innehar verdensrekorden i egglegging per år for rasehøns. Den eksakte mengden oppgitt på ulike web-sider varierer mellom 300-336 egg, så sannheten er nok i det området ein plass. Australorps har alle eigenskapar som gjer den populær: den er hurtigvoksande og får fort fjær som kylling, flink til å finne mat, hardfør, gir slaktekyllingar med kjøtt av høg kvalitet og legg mange egg. Det er ein stor rase som finnast i fargane svart, kvit og blå randtegna. I tillegg finnast rasen i farge splash/spetta, men dette er ikkje ein godkjent farge. Rasen finnast også som dverg. Vekt: Hane: 3,0-4,0 kg. Høne: 2,5-3,5 kg. Dverghane: 1300 g. Dverghøne: 1000 g. Egga er lysebrune/hudfarga med minstevekt for rugeegg på 55 g for stor Australorps og 35 g for dvergvarianten. Eg har ein hane og ei høne av svart Australorps og tre høner av blå randtegna australorps. Eg har også ein svart og ein blå randtegna kylling som skal bli arvtager til den hanen eg har no. Hønene mine er no 1 år gamle og legg egg på 60-65 g jevnt over. Den svarte legg dei minste og mørkaste egga.Eg opplever rasen som roleg og snill mot nykommarar. Eg har hatt tre av seks høner klukke og dei er gode kyllingmødre og eg har ikkje opplevd at dei har gått av egga eller stukke av frå kyllingane sine. Dei bli veldig lett klukk. http://www.fuglepraten.no/index.php?/gallery/image/2593-/ http://www.fuglepraten.no/index.php?/gallery/image/2592-/ http://www.fuglepraten.no/index.php?/gallery/image/2586-/ http://www.fuglepraten.no/index.php?/gallery/image/2588-/ http://www.fuglepraten.no/index.php?/gallery/image/3335-/ Dette er ein veldig populær rase som sikkert mange andre kjenner godt til, så kom gjerne med eigne erfaringar om du har!
  6. Mine har vore uten varmelampe sidan dei var 5 veker og er no 6 veker. Dei er ute heile dagane, til og med om det er regnver. Da dekker eg berre til beiteburet deira. Dei går aleine i eit ganske stort bur som står på bakken
  7. Flott hus! kjekt at ungane får vere med. I går var treåringen min med og lagde til nytt gjerde til hønene slik at dei ikkje går opp på plenen og skit ut alt
  8. Eg brukte Felleskjøpet sitt for Fjør inntil for en mnd sidan. Stor forskjell!!
  9. Chickena

    Ukens rase

    RIR har eg alltid hatt lyst på! Fine høner med fine egg! Har du bilde av egga frå dine RIR-høner, MiniBonde?
  10. Eg har fire australorpshøner og eg har og i perioder hatt problem med tynt skal. Dette begynte seint i haust og vedvarte til ut på våren, da begynte eg på Norgesfor Harmoni Stabil. Dei liker veldig godt foret og legg egg som aldri før! Eg fekk nesten ikkje egg i ein periode... 1-3 egg på 6 høner per dag... Kva for bruker du? Australorpsane mine var begynt å bli tynne i vår sjølv om dei har tilgong på mat heile tida i forautomat. Eg vil også legge til at kyllingane mine ELSKAR foret dei får no og dei veks enormt i forhold til dei kyllingane eg klekte fram i april....
  11. Her er min hane. Den har jevn kam med seks tagger og kraftig kropp. Min er et år no.
  12. Eg knuser ikkje for til hønsekyllinger. Det er ikkje nødvendig. Eg bruker ikkje strø før dei er iallefall over ei veke gamle. Eg bruker kun avispapir som underlag første vekene, som eg enkelt skifter ved å rive av to lag med avissider
  13. Eg liker veldig godt wyandotte, spesielt gull svartranda. Rett og slett fordi fjærdrakta er nydelig. Svart australorps er rolige, staselige fuglar og det er noke heilt spesielt med svart fjærdrakt som skin i grønt i sola Eg har alltid drømt om kvit sussex og håper eg kan lære den rasen å kjenne,kanskje neste år i år har eg altfor mange prosjekt!
  14. Chickena

    Post egg

    Eg putter dei rett i maskina og har hatt veldig godt resultat på postegg. Finnast det vitenskapelig bakgrunn som seier at strengen snurrer seg?
  15. Dette prosjektet høyrest morsomt ut! Likte godt navnet Huldrehøns! Kunne vore kjekt å sett bilder av dyra og egga, ikkje minst.
  16. Chickena

    Vaktel

    Hmm... Da blir det jo ikkje befrukta egg fra ho ;-)
  17. Chickena

    Vaktel

    Eg har no to høner og en hane. Den eine høna er hanen oppå heile tida, mens den andre får ikkje litt oppmerksomhet en gong. Sistnevnte gjer ikkje noke anna enn å ete og legg ganske små egg i forhold til størrelsen. Er denne høna ufruktbar eller er det berre hanen som ikkje er interessert? Det hadde vore fint om den andre fekk litt fred snart...
  18. Mi eine høne ser ut som den er krøllete, men den er berre herpa av hanen, stakkar...
  19. Eg har kjøpt gull svartranda wyandotte med Yvonne Cathrine Eikeberg og dei ser reinrasa ut alle. Veldig fine
  20. Må nok det, ja hehe... Får mykje god trim da, med å fange dei inn når dei skal ut og fange dei inn når dei skal inn igjen.. Pust pes!
  21. Satser på det! Synes det tok lang tid med australorps, men dei er jo litt trege av seg. Italienerane gjekk inn og ut ganske fort. Dei er mykje kjappare.... Wyandotter er ganske like australorps i lynne, så da kan eg nok anta at det tar like lang tid med dei...
  22. Jaja, idag hjalp eg dei ut og hjalp dei inn igjen. Da får eg holde på slik noken dager og sjå om dei til slutt tar det. Dei fekk litt middagsrester som belønning Dette er forresten wyandotter.
  23. Da må dette vere gener fra generasjoner tilbake som har komt fram i denne eine kyllingen. Virker heilt utrulig da, men.. Den ser absolutt ikkje ut som en wyandotte. Du må legge ut bilde av den når den får voksen fjærdrakt så vi kan tippe kva rase det kan vere Veldig vanskelig å seie no, men likner litt på viltfarga iallefall...
×
×
  • Create New...