Jump to content

Chickena

Medlemmer
  • Content Count

    465
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    6

Everything posted by Chickena

  1. Håper du oppdaterer her når det har skjedd noko!
  2. Kanskje dverg-rasane kjem fortare opp i minstevekt enn dei store rasane? Kanskje nokon andre her som har erfaring med dette?
  3. bilder av hann og ho i dei ulike fargane hadde vore heilt vidunderlig!
  4. Eg har flytta mine kyllinger ut i fjøsen når dei er ei-to veker no i vinter. Kjøpte en genial varmelampe på gamebird som en kan ha rett over kyllingane, og det funker som berre juling! Eine kyllingen var berre 6 dagar da den flytta ut i fjøsen og eg har både seintbefjæra kyllingar (wyandotte) og rasktbefjæra kyllingar (australorps, isbar, maran). Det ser ut som det går fint! Har bygd et lite hus til dei inne med hønsene med varmelampen over og et lite tak oppå. Da skal det godt gjerast at dei frys. Vi har hatt 10 minusgrader her slik at vatnet fraus i fjøsen, men det gjekk bra. Eg har ikkje så mykje erfaring med silker (dei har jo ikkje fjær..), så akkurat med dei må nokon andre svare for Men det fungerer iallefall veldig bra med mine "vanlige" kyllingar. Mine fem veker gamle australorps har forøvrig full fjærdrakt, mens wyandotten på 8 veker ikkje har full fjærdrakt enda.... STOR forskjell!
  5. En her inne på forumet sa at det kunne ta cirka 6 mnd fra verpestart til høna la egg som var på størrelse med rugeegg. Det er no tre mnd sidan mine australorps begynte å verpe og egga er komt over minstekravet no. Venter eg tre mnd til legg nok alle seks hønene over minstekravet
  6. Viss du går inn på gruppa Vaktel fjærfe på facebook finner du nok noken som har jumbovaktel. Her er en som annonserer: http://www.facebook.com/photo.php?fbid=10151169792648723&set=o.125569734258485&type=1&theater
  7. Korleis gjekk det? Kor mange haner og høner hadde du?
  8. Det gjer en så absolutt Han fekk eit lite gourmetmåltid. Blir nok lenge til neste gong, ja! Dei er jo dobbelt så store alt. Dei er 5 dagar gamle idag. Gler meg til eg kan finne ut om dei er haner eller høner
  9. Så blei antallet redusert til 3! Katten kom seg inn til dei og åt opp den eine :-( eg må nok låse døra. Håper eg har ei høne og en hane i den vesle flokken min...
  10. Eg trur at resultatet hadde blitt betre om eg ikkje hadde hatt strømstans. Det var liv i 14egg fram til da. Håper iallefall at det var det som gjorde det..
  11. Eg fekk et tips om at det kan vere strømstansen som har gitt alle problema. Maskina stod uten strøm i tolv timar :-( no har eg avliva 7 kyllingar og har 4 som ser friske ut. Har bestilt vaktelegg fra en anna og, men det er mest for å krysse slik at eg får ubeslekta foreldre og beire avkom ;-)
  12. Etter å ha rugd ut fleire kull med kyllingar av høns sidan september som har gått knirkefritt (kyllingar treng ikkje mykje pass), syns eg vaktelkyllingar er mykje meir stress! Mine 11 kyllingar (fra 20 egg) er no redusert til 6 kyllingar, der 4 ser heilt friske ut. Dei to andre har litt svake bein, noko som resulterer i at dei tryner i vatnet og blir søkkvåte. Er dette normalt? Ser mørkt på framtidige rugingar om det er slik det skal bli...Kyllingar av høns er peanuts i forhold!
  13. Etter å ha rugd ut fleire kull med kyllingar av høns sidan september som har gått knirkefritt (kyllingar treng ikkje mykje pass), syns eg vaktelkyllingar er mykje meir stress! Mine 11 kyllingar (fra 20 egg) er no redusert til 6 kyllingar, der 4 ser heilt friske ut. Dei to andre har litt svake bein, noko som resulterer i at dei tryner i vatnet og blir søkkvåte. Er dette normalt? Ser mørkt på framtidige rugingar om det er slik det skal bli...Kyllingar av høns er peanuts i forhold!
  14. Så spennande! Masse lykke til!
  15. Tok av teipen etter ei lita stund for det funka dårlig. Alle kyllingane går no heilt fint, så det var nok berre at dei var veldig mjuke i beina etter klekkinga. No er det berre en som har litt problem med eine foten. Han går fint rundt, men klarer ikkje å "sitte". Da dett han over på sida... Trur eg ser det litt an. Han klarer seg jo fint både med å ete, drikke og gå rundt...
  16. Ka rase er det du ruger ut no?
  17. No er det berre to kyllingar som har en fot med krokete tær. Dei andre ser heilt fine ut sjølv om dei låg rett ut i går kveld.. Har en kylling i maskina med en fot med krokete tær som blei klekt i går ettermiddag som enda ikkje kan sette seg opp. Ser det litt an :-)
  18. Ja, eg trudde ikkje det kom til å bli kyllingar i det heile tatt. Dette skjedde når det var ei veke att...
  19. No ser det ut som at kyllingane kjem seg og beina blir stivare, så eg håper dei fleste av dei blir bra så eg slepp avlive noken.. Maskina var uten strøm i 12 timar. Kan det vere det?
  20. Eg har et kaninbur eg kan ha ho i, så det må gå bra:-) vil ikkje ha fleire klukkhøner no. Det held i massevis med ei klukkhøne og ei som er innbilt klukk! :-P får heller ruge til våren ;-) virker forøvrig som det er en del høner som legg seg klukk no. Er det helst unghøner tru? Forresten.. Kan høner klekke ut vaktelegg, eller vil dei mose dei?
  21. Da får eg sette ho i bur i morgon. Er det lett å sjå at ho er avklukka?
  22. Eg har no 11 kyllingar klekt i går og idag. Ein av kyllingane låg for det meste på sida, men kom seg av og til opp på beina. Den hadde ei krokete tå på eine foten, så eg teipa litt. Håper det virker. Eine kyllingen hadde krokete tær på begge beina, så der teipa eg begge beina. Denne får ikkje heilt til å samle beina, men det retter seg forhåpentligvis med tida? Er dette et tegn på innavl eller er det vanlig hos vaktel? Eg har ikkje klekt hønsekyllingar med slike problem!
  23. Eg har no 11 kyllingar klekt i går og idag. Ein av kyllingane låg for det meste på sida, men kom seg av og til opp på beina. Den hadde ei krokete tå på eine foten, så eg teipa litt. Håper det virker. Eine kyllingen hadde krokete tær på begge beina, så der teipa eg begge beina. Denne får ikkje heilt til å samle beina, men det retter seg forhåpentligvis med tida? Er dette et tegn på innavl eller er det vanlig hos vaktel? Eg har ikkje klekt hønsekyllingar med slike problem!
  24. Eg veit ikkje sikkert at det var sitt eige egg ho låg på idag..
  25. Ho har oppblåst fjærdrakt og hakker etter handa mi. Når eg flytter ho ut av verpekassa blir ho liggande i rugeposisjon om eg ikkje dytter litt i ho. Ho er definitivt i begynnelsen av klukketilstand...
×
×
  • Create New...