Jump to content

Chickena

Medlemmer
  • Content Count

    465
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    6

Blog Entries posted by Chickena

  1. Chickena
    Mine to vaktler, the survivors som eg kalla dei, er no 5,5 veke gamle. Det er en viltfarga hann og ei honningfarga hoe. Veldig spent på når eg får mitt første egg!!

    Eg har no bestilt rugeegg av australorps frå ein anna stamme, så da får eg ubeslekta hane til hønene mine. Eg har også bestilt Rhode Island Red frå samme mann, og denne rasen er eg veldig spent på. Denne rasen har eg drømt om i mange år, og eg håper den lever opp til forventningane! Eg fikk nokre rugeegg av Rhode Island Red tidlegare i år, men dei var veldig små (40 gram) og ikkje mørkare enn australorps, og det skal dei vel vere??

    Eg har også bestilt rugeegg av jumbovaktel og desse er eg veldig spent på. Om mine to vaktler begynner å produsere befrukta egg, har eg i så fall to linjer som er ubeslekta. Det er GULL!

    Ellers får eg 30-38 egg per veke på 6 høner, og det er jammen bra. Australorps er formidable på egglegging!

    Den oransjehalsa italienerhøna mi skal no få seg ein betre heim, der ho ikkje blir mobba Ho og isbarhanen til Prisilla held seg stort sett ilag, men ho verp ikkje så lenge ho går ilag med den store hanen. Alternativet var hønsehimmelen, så da får ho det betre der ho kjem
  2. Chickena
    Eg hadde ikkje store forhåpninger om å få klukkhøner da eg fekk mine første australorps i april 2012, men at denne stammen med australorps skulle vere så rugevillige hadde eg ikkje drømt om! Han eg kjøpte dei av, hadde opplevd dette en gong med ei av sine høner... No ligg den eine svarte høna på sitt andre "kull" på 3 mnd og ho er kun 9 mnd gammal... Eg har avklukka ei av dei blå tidlegare i haust og no la ho seg igjen. Ho er no sett i eit bur for seg sjølv til avklukking. Det får vere måte på Eg får heller sjå til våren om ho får seg nokre postegg.
    I april har eg verpestart på wyandotte gull og sølv og to svarte australorps. Med tre svarte australorps blir det lettare om eg får rugeeggbestilling på dei svarte.

    Eg er komt i gang med litt eggsalg, men det er veldig lite enda Vi et ganske mykje egg sjølve i tillegg til at eg gir vekk til mine brødre og foreldre. Egg er godt! Gleder meg til vi kan smake på våre første vaktelegg!

    Den svarte klukkhøna har no fått seg 6 egg, der to er rein brun italiener og fire er blanding mellom brun italiener og verperase. Desse skal kun vere til mategg Eg ville ha tak i egg til klukkhøna mi og det er ikkje så enkelt på denne tida, da dei fleste har rasane gåande ilag, så da blei det blandingsegg. Det blir nok gode verpehøner.

    Venter snart jumbovaktelegg i posten som skal rett i maskina og en runde med RIR-egg til våren. Har alltid drømt om Rhode Island Red, og no får eg noken!
    Eg og Prisilla skal ha eit lite avlsprosjekt på min kobberhalsa maranhane og hennar to kobberhalsa maranhøner til våren. Dei er ubeslekta, så eg er veldig spent på kyllingar etter dei
  3. Chickena
    No er vaktelegga på dag 2 og eg skal prøve å holde meg til dag 6-7 før eg lyser. Egga er jo bittebittesmå enda det er jumbovaktelegg.. Da må jo vanlige vaktelegg vere enda mindre! Har med tre australorpsegg av blå høner, svart hane og dei ser enorme ut i forhold.
    Eg har tjue egg, og håper eg i alle fall får ei avlsgruppe av dei, så eg kan klekke ut nye om det ikkje blir så mange. Eg les om vakteloppskrifter på nett og gler meg til eg i februar/mars kan sette tennene i eit nykokt vaktelegg

    Eg har no seks wyandottekyllingar, der to av dei tydelig er sølv svartranda, mens dei andre fire er veldig mørke.
    Dei to lysaste trur eg er hanar + den eine med kvite felt på vingene. Dei tre mørkaste trur eg er høner pga vingefjæra og den eine har veldig lita nebbrot. Spennande å sjå seinare!


  4. Chickena
    To svarte australorps ligg no trygt under høna sin barm og varmar seg. Eit egg er fremdeles igjen, og eg har ikkje store forhåpningar til det.. Den eine kyllingen ser ut som han blei klekt i natt eller seint i går kveld, mens den andre kan ha komme idag tidlig. Eg har no flytta alle på hybel, så dei får fred i ei veke eller to.
    Eg er litt usikker på om høna og kyllingane kan gå ilag med dei andre hønene, for eg kan ikkje risikere at ho tek med kyllingane ut. Dei er eit rimelig lett bytte for kattane våre i tillegg til fuglar og andre krek som listar seg rundt her. Høna og kyllingane må derfor vere inne i sikkert ti veker....

    Eg har no berre ein dose til med egg som skal bli kyllingar, og dei kjem neste fredag. Veldig spent på desse! Det er sølv svartranda wyandotte (3 egg) og gull svartranda wyandotte (5 egg). No skal det ikkje rugast fram fleire kyllingar frå høner i vinter.

    Eg har no planer om å få meg vaktlar Eg har kjøpt nokon gamle kaninbur til ein billig penge (trur dei har vore revegardar for mange år sidan). Her tenkte eg å ha vaktlane. I vinter blir dei å vere inne i fjøsen, så får eg flytte bura ut når våren og sommaren kjem, når dei kan vere meir ute. Eg har ikkje laga luftegard til dei enda
    Gler meg veldig til å få egne vaktelegg! Svigers hadde vaktlar tidlegare, så han eg bur ilag med vart faktisk begeistra da eg sa eg ville ha meg nokre vaktlar! Tenk det! Så det blir nok ikkje kaniner her på ei stund enda...
  5. Chickena
    Eg har no solgt en gull/svartranda wyandotte og to blå australorps, så no er det en kobberhalsa maran og en gull/svartranda (2 veker) og en 3 dagar gammal isbar igjen. Dei koser seg stort i fjøsen under varmelampen! Ny varmelampe er bestilt fra Gamebird som ikkje skal vere brannfarlig og kan senkast 10-15 cm fra golvet. Det blir mykje beire!

    Daggamle wyandotte og maran (Den eine wyandotte er gitt vekk)

    Daggamle blå australorps (Gitt vekk)

    2 veker gammal Maran. Satser på det er ei høne

    Skal få lagt ut bilde av isbaren min også.

    No kjem det berre 2-3 egg i veka fra hønene mine, så dei har visst bestemt seg for å stoppe litt. Har ei blå australorps som har fått litt blass farge i kammen, er dette pga verpestopp eller er ho sjuk? Hmm.. Det har vore ned i minusgrader her forrige veke, men no er det +8 grader. Heile hønsegården ramla ihop pga snøras, så no går dei ute uten tak over hønsegården. Hønene mine nektar å gå ut når det er snø ute, men i går var snøen vekk og dei var ute i hønsegården. Såg ut som dei koste seg stort!!

    No er det berre ei knapp veke til klukkhøna mi får kyllingar! Eg skal lage til ei lita barselavdeling til ho. Kanskje eg får lagt ut bilder seinare
  6. Chickena
    Lyste på egga under klukkhøne og dei er no på dag 11. Dei har utvikla seg alle tre! Gler meg til å sjå om det blir kyllingar av dei.. Det bør bli minst to svarte australorps, sia to av egga er hennar. Kyllingane under klukkhøna bør da ha gode sjansar til å bli gode klukkhøner sjølv, om det er hønekyllingar!
    Klukkhøna ligg fortsatt i den samme rugekassa, men må nok flytte ho når kyllingane klekker..

    No har eg vekesgamle wyandotte og maran, og tre dagar gamle blå australorps frå eigne fuglar. Onsdag er det klekkedag for eit eventyregg og et isbaregg som har overlevd 9 dagar på rundreise med posten (på ville veier)... Siste klekking er om tre veker og da venter eg wyandotte sølv/svartranda, gull/svartranda og italienermix (en mix av italiener og australorps må bli en god verper vel?)

    Det blir kyllingar på vaskerommet mitt i mange veker framover, og det blir koselig! Kvar kveld set eg og guttungen på 2,5 år og snakkar med og om kyllingane, og han får kose litt med dei. Eg har alltid vore glad i dyr og håper eg kan overføre dette til mine barn Ein lærer så mykje av det å ha dyr. Liv, død, fødsel, omsorg for andre, vennskap med dyr og ansvar for levande vesen.

    Klekkedagar framover: 31. okt (2 isbar/isbarmix egg), 7. nov (3 australorpsegg) og 17. nov. (13 wyandotte, italienermix egg)
  7. Chickena
    Da har eg tre nydelige nøster springande rundt i en kasse på vaskerommet Kos!
    Det er jo alltid spennande å tippe kjønn på slike små, og eg håper eg har rett (sjølv om det er tvilsomt!).. Håper at marankyllingen er ei høne i allefall.

    Fekk lyst to av egga under klukkhøna idag og dei har utvikla seg! Ho har ikkje gått av reiret som eg har sett siste to dagane.. Eg må nok flytte ho når kyllingane kjem, eller er det best å flytte ho no før dei kjem? Får ikkje til å sperre av den kassa ho ligg i.... Dei andre hønene legg no egg på golvet og ute, no når favorittkassa er opptatt.. Tulljehøner!

    Prøvde å flytte ho i går med egga, reiret og alt, men feiga ut.. Var redd eg skulle miste ned egga.. Bør eg ta vekk egga, og så flytte høna og reiret samtidig? Eller flytte høna og så reiret med egga i?? Dilemma her..
  8. Chickena
    Idag kom rugeegga som Skiftestads sendte til meg!:-) Berre et egg knust, enda pakken har brukt 9 dagar opp her! Fantastisk postsystem vi har... Håper på et lite mirakel så det blir mange små kyllingar om nokre veker:-)
  9. Chickena
    To wyandotte-egg og tre maran-egg ligg no klare for klekking. Wyandotte-egga har pippa og eg venter spent på fortsettelsen! Maranegga ligg og ruggar litt, men det eine egget har ikkje rikka seg.. Sikkert dødt Blir heilt nervevrak av dette her!

    Som om ikkje dette er nok, har eg ei svart australorpshøne som har lagt seg klukk! Eg hadde aldri trudd at eg skulle vere så heldig at mine australorps hadde evnen til å ruge fram egne kyllingar.. Håper ho kan bli ei god klukkhøne til våren om ho no får øve seg litt... Ho ser i allefall passe sur og muggen ut der ho ligg. Kom både freselydar og høneknurr før i dag.. Det skjer alltid noke spennande når en har høner!

    Isbar-hanekyllingen fer og spretter rundt for å unngå storehønene, for dei hakkar etter han om han kjem for nær. Men han er flink å passe seg og gøyme seg, så det går veldig bra! Han er ein liten tøffing.. Når eg kjem og gir dei mat, kjem han sprettande fram, lynrask for å smette til seg noke godt, og går rett i dekning like kjapt med fangsten sin. Han er allerede blitt mykje meir oransj i halsen, så eg har store forhåpningar til fargen hans

    Nei, no må eg en tur opp på loftet og glane inn i maskina ! Hehe!
  10. Chickena
    Egg frå Maran, Wyandotte, Oransjehalsa italiener og Isbar (dei siste kjem i dag) ligg og kosar seg i maskina mi. Klekking av dei første egga er forventa 18. oktober.

    Har allerede lyst egga, og det eine Maran-egget ser ut til å ha stoppa utviklinga for 2-3 dagar sidan.

    Prøver å loggføre fukttap, og foreløbig ser det ut til at Maranegg ligg på 4,5-5% fukttap allerede. Det er kanskje litt mykje? Wyandotte ligg på 3,3% cirka. Da må eg nok følge med på humiditeten framover.. Litt spent på om eg får klekking på maran, da eg har lest at dei har problem med å komme seg ut av egget... Tar gjerne i mot tips fra dokke som har klekt ut maran og kva de har gjort?

    Idag kjem forhåpentligvis isbaregga mine, ilag med noken spennande mix-egg som eg er spent på. Litt seint å ruge ut egg, men eg har mulighet til å ha dei inne i god temperatur, så da skal det nok gå bra.

    Gleder meg til min fargerike gjeng (forhåpentligvis) skal klekke!

    Australorpsegga mine er nok komt opp i 50 gram (Starta på 38-40 gram da dei begynte å verpe). Dei starta verping for fire veker sidan.
×
×
  • Create New...