Jump to content

Chickena

Medlemmer
  • Content Count

    465
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    6

Posts posted by Chickena


  1. Faren min hadde to kråker som heitte Kari og Knut da han var rundt 10 år. Det beste desse kråkene visste var kokte poteter. Det ser eg også no når eg gir hønsa mat at kråkene sit klar og håper det skal bli noko att til dei ;) Elles gav han dei meitemark og restar etter måltid heime. Dei følgde han kor han gjekk og sat utanfor skulehuset mens han var på skulen. Dei er veldig sosiale fuglar. 


    • Upvote 2

  2. Herregud.. Eg las om kutan form på sida di! Det stemmer på ein prikk! Dette var kyllingar frå tilsendte rugeegg, som det kom 4 kyllingar på 12 egg. Dette var ein hane... Den hadde ingen fjær i rumpa, innstørka små blodflekker som om han hadde nappa ut fjæra.. Eg har aldri sett liknande.

    Kan dette spre seg til dei andre kyllingane??


  3. Då får eg skrive litt om den rasen eg kan mest om, nemlig Australorps :)

     

    • Australorps er ein forholdsvis ny rase som blei framavla i Australia. Rasen blei utvikla frå svart Orpington og navnet er ei sammentrekning av australsk Orpington.

     

    • Rasen blei utvikla fordi ein ønska å utvikle ein type høns som la fleire egg enn Orpington og Australorps innehar verdensrekorden i egglegging per år for rasehøns. Den eksakte mengden oppgitt på ulike web-sider varierer mellom 300-336 egg, så sannheten er nok i det området ein plass.

     

    • Australorps har alle eigenskapar som gjer den populær: den er hurtigvoksande og får fort fjær som kylling, flink til å finne mat, hardfør, gir slaktekyllingar med kjøtt av høg kvalitet og legg mange egg.

     

    • Det er ein stor rase som finnast i fargane svart, kvit og blå randtegna. I tillegg finnast rasen i farge splash/spetta, men dette er ikkje ein godkjent farge. Rasen finnast også som dverg.

     

    • Vekt: 

             Hane: 3,0-4,0 kg. Høne: 2,5-3,5 kg. Dverghane: 1300 g. Dverghøne: 1000 g.
     

    • Egga er lysebrune/hudfarga med minstevekt for rugeegg på 55 g for stor Australorps og 35 g for dvergvarianten.

     

    • Eg har ein hane og ei høne av svart Australorps og tre høner av blå randtegna australorps. Eg har også ein svart og ein blå randtegna kylling som skal bli arvtager til den hanen eg har no. Hønene mine er no 1 år gamle og legg egg på 60-65 g jevnt over. Den svarte legg dei minste og mørkaste egga.

    Eg opplever rasen som roleg og snill mot nykommarar. Eg har hatt tre av seks høner klukke og dei er gode kyllingmødre og eg har ikkje opplevd at dei har gått av egga eller stukke av frå kyllingane sine. Dei bli veldig lett klukk.

     

    Dette er ein veldig populær rase som sikkert mange andre kjenner godt til, så kom gjerne med eigne erfaringar om du har! :)

    • Upvote 2

  4. Eg har fire australorpshøner og eg har og i perioder hatt problem med tynt skal. Dette begynte seint i haust og vedvarte til ut på våren, da begynte eg på Norgesfor Harmoni Stabil. Dei liker veldig godt foret og legg egg som aldri før! Eg fekk nesten ikkje egg i ein periode... 1-3 egg på 6 høner per dag... 


    Kva for bruker du? Australorpsane mine var begynt å bli tynne i vår sjølv om dei har tilgong på mat heile tida i forautomat.


    Eg vil også legge til at kyllingane mine ELSKAR foret dei får no og dei veks enormt i forhold til dei kyllingane eg klekte fram i april....



  5. Eg liker veldig godt wyandotte, spesielt gull svartranda. Rett og slett fordi fjærdrakta er nydelig. Svart australorps er rolige, staselige fuglar og det er noke heilt spesielt med svart fjærdrakt som skin i grønt i sola :)

    Eg har alltid drømt om kvit sussex og håper eg kan lære den rasen å kjenne,kanskje neste år :D i år har eg altfor mange prosjekt!


  6. Eg har no to høner og en hane. Den eine høna er hanen oppå heile tida, mens den andre får ikkje litt oppmerksomhet en gong. Sistnevnte gjer ikkje noke anna enn å ete og legg ganske små egg i forhold til størrelsen. Er denne høna ufruktbar eller er det berre hanen som ikkje er interessert? Det hadde vore fint om den andre fekk litt fred snart... :P



  7. Da må dette vere gener fra generasjoner tilbake som har komt fram i denne eine kyllingen. Virker heilt utrulig da, men.. Den ser absolutt ikkje ut som en wyandotte. Du må legge ut bilde av den når den får voksen fjærdrakt så vi kan tippe kva rase det kan vere :) Veldig vanskelig å seie no, men likner litt på viltfarga iallefall...


×
×
  • Create New...