Jump to content

Sølvi

Medlemmer
  • Content Count

    27
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

1 Nøytral

About Sølvi

  • Rank
    Kylling
  • Birthday 01/01/1

Profile Information

  • Kjønn
    Female
  • Bosted
    Sunnmøre

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Hei ! Har hatt litt av same problemet med mi Octagon 20 Advance EX, etter 4 rugingar har det stort sett vore same resultatet kvar gong: ein del kyllingar har klekt normalt, men minst halvparten har vorte liggande med hol i skalet eller kun laga hol til luftlomma. Så det har vorte nokre keisarsnitt her også... Maskina har vore innstillt på ca. 45% fukt (auka til 65% før klekking) og temperaturen på 37,5. Føler at maskina er veldig "nøyaktig", og har tenkt at det er egga (eller dama...) som har "svikta"...,men blir litt skeptisk når du har hatt godt klekkeresultat med å stille temperaturen så høgt... Har prøvd å måle temperaturen i maskina mi med andre målarar, men får ulike resultat frå eine målaren til den andre (maks målt 37,2). Kanskje eg burde prøve ei ruging med høg temperatur for å sjå om det er der problemet ligg med mi maskin også...
  2. Om ein bruker Ropa-b innimellom vil det forebygge og behandle mange problem, ikkje berre orm. Etter mi erfaring (stort sett med tropefugl) er det godt for fuglane si generelle helse å få ein sånn "opprensking" som Ropa-b gir. At det også fungerer som ormekur har eg ikkje visst før i det siste, så eg har hittil brukt det på tropefuglane jamnleg og på høner som har hangla litt, og har ved mistanke om meir alvorlige ting prøvd ei runde med Ropa-b før eg har kontakta veterinær, og det har fungert veldig bra så langt! Ein kan ikkje forebygge orm, men ved å bruke Ropa-b no og då skal ein få tatt ormesmitta tidleg, før det rekk å utvikle seg til å verte eit problem for fuglen.
  3. Hehe, håper du tok bilder av den seansen! Kalkunrodeo Eg prøvde også ei lignande metode, men måtte gi tapt for krakilske damer... Og med dråpetellaren inne i nebbet fekk eg ikke til å telle dråper, det vart meir Ropa-b elv.. Må nok prøve å vere litt meir bestemt og kanskje finpusse teknikken til neste runde..
  4. Flott, takk! Då vert det pulver i neste bestiling Anniken O: Dette var absolutt en tomannsjobb, alt for lite med to hender! Pakka eit handkle rundt fuglen for å lettare holde kontroll på alt som kan flakse og sprelle... holdt "bylten" under arma sånn at eg hadde begge hendene ledig... Eine handa holdt hovudet stillt, den andre handa opna nebbet med ei lita saks (om ein har ein litt kraftig pinsett el.l. er nok det bedre å bruke). Så vart ein motvillig son innkalt som medisinsk ansvarlig... Det var litt risikosport (saks/tunge/sint fugl...) men synest metoden fungerte ok (tvilsomt at hønene er enige..) -- og alle var like heile då vi var ferdig. Dette kan sikkert gjerast enklare, det er mulig ein kan dryppe oljen på mat og at det kan gå frivillig inn på den måten, men det er ganske sterke saker, så veit ikkje om det fell i smak.
  5. Ja, det skal den, men Gamebird har også "Ropa-b anti-orm" i små flasker med dråpetellar, av denne skal ein gi 4 dråpar i nebbet med 10-14 dagers mellomrom. Eg har gitt hønene av denne, men høyrer at andre bruker Ropa-b pulver som ormekur. I produktbeskrivinga til pulveret står det at den også kan brukast mot dei samme typer orm som desse dråpane. Så om dette pulveret, som ein enkelt blandar i tørrt fòr, fungerer på same måte som dråpane er kanskje både produktet og arbeidet med å gi gi fire dråpar i maaange nebb unødvendig? Synest det er dumt å utsette hønsa for dette stresset om dei like godt kan få ormekuren blanda i kraftfòret
  6. Ei anna muligheit når forholdsvis små sår ikkje slutter å blø kan vere inntak av antikoagulerande middel. Kan hønene ha fått tak i rottegift, evt ete mus med rottegift i?
  7. Hei, eg heiter Sølvi og bur i Ørsta Har desse rasene no: Dvergkochin, gull/svart banda 1.1 Dvergkochin, svart/blå/splash 2.4 Silke, viltfarga 0.2 Hedemora 2.2 Sølvhalset italiener 0.1 Trefarget Sussex 0.1 Lys Sussex 0.1
  8. Har gitt hønsa Ropa-b ormekur i dag, ei møysommelig affære å drype fire dråpar i kvart nebb... Ser at andre brukar Ropa-b pulver mot orm, eg vil også gå over til det om det fungerer på same måten. Men har "vanlig" Ropa-b (pulver/flytande) same effekt mot orm som denne som ein må gi direkte i nebbet? I produktbeskrivelsen av vanlig Ropa-b står "parasitter" nevnt, medan det på Ropa-B anti-orm står nevnt to typer orm, så da spørs det vel om rund- og hårormer her kjem inn under benevnelsen "parasitter" ? Nokon som har erfaring med dette eller meir info om Ropa-b produkta?
  9. Sølvi

    Dverg Kochin

    Rasen Dverg Kochin heiter Pekin Bantam i England, i USA heiter dei Cochin Bantam Lykke til!
  10. Tenkte det var greit med ei lita oppdatering... Teorien om svart strek bak auget stemmer nok ikkje heilt, for her vart det tre haner og ei høne (den yngst var heldigvis ei høne ) av dei gull/svartbanda. Etter å ha funne ny heim til den eine har eg igjen to haner og ei høne, håper å få tak i rugegg av denne fargen til våren, synest dei er kjempefine
  11. Takk for svar! Då stiller eg ned fuktigheita før og etter klekking for å få ned snittet, og let vogga gå. Prøver å legge egga som skal rugast vidare bak ein "skillevegg", og satser på å begrense forurensinga så godt eg kan.. Krysser fingrane for 8 dverg kochin med "termin" til helga, og ca 10-12 hedemora til helga etter!!
  12. Med avtale om å få tilsendt egg frå to kantar av landet håpa eg at dei kunne plasserast i maskina samtidig, men det gjekk ikkje heilt som planlagt. Dei første egga var reine og fine, og vart lagt i maskina (Octagon 20 advance EX) 8-9 dager før den andre sendinga. Dei siste egga måtte vaskast/desinfiserast. Ser at fleire meiner det skal gå greit å legge inn egg med ulik klekketid i rugemaskina: http://www.fugleprat...ng-til-med-egg/ Første sendinga skal klekke om ca 6 dagar, og i dag har eg lyst sending nr to og ser at det er liv i mange av dei ”forseinka” egga også. Men så melder spørsmåla seg….: - Når det nærmar seg klekking av dei første skal eg vel stoppe ”vogga”, men dei siste egga bør vel vendast? - Fuktigheitsnivået skal ligge høgare ved klekking, men er ikkje det uheldig for dei andre egga å ha høg fuktigheit i dei 1-2dagane klekkinga pågår? - Det vert vel ein del ”griseri” under klekkinga av dei første egga, korleis skal eg unngå at dei andre egga vert utsett for meir forurensing enn høgst nødvendig (desinfiserte egg er vel ekstra sårbare for bakterier). Er det mulig å dekke til dei siste egga og å raskt ta ut og vaske brettet/maskina når dei første er klekt. Maskina vert max 2/3 full når dei første skal klekkast.
  13. Som selskap til sebrafinkane hadde eg nok valgt enten å få tak i fleire sebrafinker eller eit par av ei anna finketyper (spissnebb). Krumnebb (dei med "papegøyenebb") og spissnebb i lag kan nok gå heilt fint i enkelte tilfeller, men krumnebb kan bruke nebbet nådelaust, og kan til og med klippe av ein liten finkefot... Gouldsamadin er ein fantastisk fugl, behagelig sang og nydelig fjørdrakt. Dei kan nok gå fint i lag med dei litt meir "hyper" sebrafinkane, men eg har valgt å ha kun goulds (eg har 12 goulds, men ingen for salg før evt til våren). Om du vil prøve å få tak i goulds råder eg deg til å kjøpe frå private oppdrettarar,og om du seier kvar i landet du bor kjenner eg kanskje nokon som kan hjelpe deg
  14. Sølvi

    Fuglelopper,,,

    Om både katten og hunden har krypa er det mindre sannsynlig at det kan vere pels- el blodlus, de trivast kun på "sin" art, men dei kan nok vandre over i andre pelsar ogå. Uansett får du nok vite kva det er (og korleis det bør angripast) når veterinæren har fått sett på krypa. Eg kan lite om utøy på fugl, men om det er lus du har funne på hønene er dette ein god tråd : http://www.fuglepraten.no/index.php/topic/5636-sa-var-det-ut%C3%B8y-her-ogsa/ Lykke til
×
×
  • Create New...