Jump to content

Nybakt hønemor

Medlemmer
  • Content Count

    1,151
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Everything posted by Nybakt hønemor

  1. Har eg ikkje høyrt snakk om at det fins pærer som er keramiske og ikkje lyser, eller er det noko eg har misforstått? Nokon som kan meir om det? Og evt kor det kan kjøpast.
  2. Beklager seint svar. Håper jo at det er eit ein gongs tilfelle dette men som med alle andre geniale kjøp så hadde også denne ein liten del som er viktig og som falt av. Den biten i opningen, trur den er blå og trekanta. Den hindrer at vatnet ikkje renner over kanten. Denne blei etter kort tid fullstendig bortevekk, og bøtta er dermed ubrukeleg. Synd..
  3. Eg har ein slik og er ikkje fornøyd. Den er sett til sides og dei gode gamle grønne snu opp-ned beholderne er tatt i bruk igjen.
  4. Silkehøns har jo også litt topp på hovudet. Eg har både dverg paduan, sultan og silke, og kan anbefale dei alle. Ingen er skvetne her iallefall. Hønsesafari er ei utmerka side til å sjå bilder av ulike rasar og å læra litt dei ulike rasane. />http://www.safari.til1000.net/ Enjoy!!
  5. Eg lurte på i fjor på desse tider om eg kunne ha mycoplasma eller IB i flokken, søkte på nettet og las det eg fant, men det står lite om slikt på nettet. Ikkje så utfyllande som det du skreiv her. Me burde hatt ein plass på forumet der slike tråder var lett tilgjengelige. Har nokon linker til sider der det står utfyllande om ulike sjukdommer? Utfrå det du skriver her trur eg ikkje eg hadde IB eller mycoplasme fordi det ikkje har dukka opp igjen. Eller kan det ligge i dvale så lenge som eit år? Hadde ikkje hoderisting, gaping og kun ungdyr var snufsete. Men eg var heller ikkje klar over at det var så smittsomt med tanke på salg av egg og dyr. Solgte ingenting når eg hadde dyr som var snufsete, men har jo solgt i etterkant, det var ei god stund etterpå. Føler meg ofte litt hysterisk når dyr vert snufsete eller verre. Men det er kanskje ikkje så dumt å ikkje ta FOR lett på det iallefall. Slik du beskriver Mycoplasma så er det ikkje rart om det er mykje av det rundtomkring og spesielt viss mange ikkje ein gong veit at dei har det i flokken..nett det får meg til å bli litt engsteleg faktisk. Men nei eg trur eg føler meg ganske trygg etter å ha lese dette. Men plutselig kan det jo dukke opp hos kven som helst.
  6. Eg har ei rugemaskin med kvikksølv termometer (trur iallefall det er det..) og i bruksanvisningen til rugemaskina er det anbefalt å sjekke termometeret opp mot eit syketermometer (som det så fint står) ved kvar ruging. Febermålere (eller syketermometer ) skal vera svært nøyktige iflg bruksanvinsingene som følger med. MEN eg veit nå ikkje heilt korleis eg skulle fått til å måle temperaturen i maskina med febermåler uten at døra er open. Men ein kan vel teste dei to termometeren i armhula for den saks skyld. Ta høgde for at kvikksølv termometeret bruker lenger tid.
  7. Må berre legge til at min erfaring er at unghøner kan legge egg som er uten skall (og verpe frå vaglen) i begynnelsen uten at det har noko med mangel på kalk. Her får dei kromat egg 110 ei stund før dei begynner å verpe og ergo burde dei ha nok kalk i kroppen.
  8. Hei, fant du ut noko meir om hønene dine?
  9. Nei, eg trur ikkje korsnebb er teikn på innavl, men det er arveleg og bør ikkje avlast på.
  10. Eg syns faktisk at annonsene kan vera som dei er. Viss det er tiltak å klikke seg inn på ei annonse så er ein vel heller ikkje interessert nok i å kjøpe.
  11. Eg er litt ambivalent ang annonser på Fuglepraten kjenner eg. På den eine sida, ville eg helst selge dyra mine til "gærne" hønsefolk som kanskje også ser verdien i å avle videre på dei beste eller "sjeldnaste" dyra. MEN på den andre sida frister det ikkje å legge inn annonse når eg på førehand veit at det neppe blir solgt her, OG når det går debatt om at det er så lite praktisk å gå inn på kvar annonsa for å sjå kor folk bur. Som nevnt i den debatten pleie eg skrive både her og på Finn.no dersom me kan vera behjelplege med transport. (det er sjølvsagt ikkje kvar gong) Nå er det feks ein som får maran transportert heilt til Drammen. Men det er heilt bortkasta viss annonsa mi ikkje vert lese fordi eg bur for langt unna.
  12. Korleis kan du seie det? Alle rugeveiledninger til alle rugemaskiner skriver at ein skal auke fuktigheten dei siste 3dagene. Ergo må jo auka fukt ved klekking ha noko å seie for resultatet? Eg har sjølv fleire gonger hatt for lav fuktighet og fått kyllinger som sitter fast i eggeskallet. Mulig eg har hatt for lite fukt heile ruginga då. Eg må legge til at eg også har opplevd at eg gløymde å legge egga til klekking og mange av kyllingene klekte i rugebakken før eg oppdaga det. Det gjekk heilt fint, dette var i america maskina, mens desse kyllingene som satt fast, blei rugd ut i mindre og billigere maskiner. Eg bruker ikkje fukt før den 18.dagen.
  13. Eg er rimeleg sikker på at ameraucana ikkje fins her til lands. Du har nok ein araucana med feil på.
  14. Nybakt hønemor

    Pryd

    Eg har fleire gonger vurdert å kjøpe Bulk (det er det samme som big bag?) Det er 700kg meiner eg, som er det samme som ein palle. Holdbarheten er eit år fekk eg informert. Eg bruker over 100kg pr mnd i kraftfor. Kjenner forøvrig andre som kjøper bulk. Problemet mitt er lagring av bulk istadenfor x-antall sekker eg kan fordele rundt omkring.
  15. Eg kan ikkje så mykje om det men iflg sida eg linka til er det to ulike raser med ulik standard i Amerika. Har ikkje sett etter men trur ikkje det er ein godkjent rase i Skandinavia. Ameraucana skal ha hale slik eg forstår og araucana skal ikkje det som alle veit.
  16. Araucana og ameraucana er ikkje det samme. Beslekta ja, men ikkje samme rasen likevel. Ameraucana skal blant anna ha hale.
  17. Ser det er ein gammle tråd men måtte berre skrive litt. Eg har nemlig hatt australorps nokre år og ikkje alle har dei mørke augene (som gir dådyrblikket) som dei egentlig skal ha utfrå standaren.
  18. Eg kan ingenting men feathersite kan litt om alt Kjekk side.. />http://www.feathersite.com/Poultry/CGA/Arau/BRKAraucanas.html ..stod jo lite der egentlig. Sorry. Her burde det jo stå litt? Har ikkje lese sjølv. />http://www.ameraucana.org/
  19. Eg har nokre rugekasser ca 1meter over golvet som INGEN bruker
  20. Ja då har eg misforstått. Dei ligger på eggene til dei klekker sjølv om dei har lege klukk ei stund før dei fekk utdelt egga.
  21. Så spennande, håper du deler resultatet med oss!
  22. Italienere kan vel neppe kallast produksjonshøns nå tildags? Dei er jo i standaren og vert vel ikkje brukt stort til eggproduksjon lenger? Dei fleste som har italiener idag har vel kjøpt frå hobbyoppdrettere? Uansett så høyres det jo ut som mareks. Evt E-vitamin mangel? Meiner det tidligere låg ein tråd om E-vit. mangel og at symptomene var veldig lik mareks.
  23. Går dei ilag med andre haner/hanekyllinger? Eg blei lurt trillrundt av ein australorpshane som hadde underutvikla kam pga at det var så mange haner i flokken. Den oppførte seg derfor som ei høne for å unngå bråk ettersom den nok var nederst på rangstigen. Den var over 6mnd gammal Kan noko liknande vera tilfelle hos deg? Du kan jo legge inn bildet? Sjå på stjerten, er den lik den andre anconaen?
  24. Egg frå hobbyhøns som får gå ute er betre enn frittgåande. Måke-, vaktel-,andeegg etc smaker alle ulikt, men det er jo heller ikkje høns. Innan hønserasene syns ikkje eg det er forskjell..men kanskje andre? Ein kan også få ulik smak etter kva ein forer hønsa med. Veit eg har lese om nokon som gav hønsa litt for mykje fisk og fekk transmak på egga
  25. Viss eg forstår deg rett så har klukkhøna lege ei stund på dei 5 egga? Alle egg ei klukkhøne ligger på må ha samme klekkedato, evt ein dag forskjell. Høna går av få dager etter den fyrste kyllingen klekker. Rugeegg bør ligge minimum eit døgn etter dei er henta enten dei er sendt med post eller ei. Sidan du ruger under ei høne har egga/kyllingene dei mest optimale forholdene enten skallet er tjukt eller tynt. Ingen innstillinger på høna som treng fin innstillast heldigvis
×
×
  • Create New...