Jump to content

Bellare

Medlemmer
  • Content Count

    8
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Nøytral

About Bellare

  • Rank
    Nyklekt

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Har fem Pekingender som går ute frå morgen til kveld, med gras som underlag, men dei driter jo så innmari! Korleis gjer man det med møkking på uteområdet eigentleg? Prøvar man å rake det sammen på eit vis, eller lar man det ligge og bli til jord?
  2. Og korleis er det med vatn på nattestid eigentleg? Har lest at det ikkje er anbefalt å ha vatn inne til dei, sidan dei grisar noko så inn i granskauen, men korleis er det på nattestid når dei ikkje har tilgang til og gå ut? Har pleid å sette inn ei lita vannskål når eg har dei inn på kvelden, men vatnet der har dei nesten alltid klart å grise utover til eg skal sleppe dei ut neste morgen. Dei er ellers ute frå morgen til kveld, med tilgang til mykje vatn.
  3. Har fått beskjed om at man gjerne bør gi dei grisemat, Format veks 10, for at dei ikkje skal bli tunge og risikere dårlege bein. Men finner ikkje på FK sine sider, så er det 110 som er meint...?
  4. Dei er ute på dagtid, men syns ikkje det et så veldig mykje gras eg Men gir eg då for mykje kraftfôr då kanskje? Dei får i underkant av 0.5 dl kraftfôr/kyllingfôr (Country's best Gold 1 crumble) tre gangar dagleg. Pluss at dei får litt brød innimellom. Og når kan eg skifte fôr til dei? Vi fikk med 1,5 sekk med "voksenfôr" der det er mykje korn og mais
  5. For halvannan veke sidan henta vi oss fem stykk Pekingand kyllingar. Dei er no rundt 4 - 5 veker og har vokst noko enormt på den korte tida dei har vert her, men ikkje sånn at eg syns dei er for tjukke. Dei får mat 3 gangar dagleg (dekker bunnen på ei stor hundeskål godt, pluss håndfôring) + litt brød i ny og ne når eg ser til dei. Fortsatt er dei stort sett alltid veldig sultne når det er tid for nytt måltid, og prøvesmakar på det aller meste om eg er litt treg å komme med maten Men sidan dette er heilt nytt for oss, er eg veldig usikker på kor mykje dei eigentleg skal/bør få av mat. Er det noke begrensing på det, eller må man berre "sjå det an" og kjenne litt på endene?
  6. Eit spørsmål til: kor sterk pære bør man bruke i armatur, 150W eller 250W?
  7. Ser ut til at vi får oss 5 stykk Peking ender (kyllingar) om nokre veker, men eg kan ingenting om fjærkre. Så eg googlar og leitar for harde livet, men når det kjem til peking and, får eg kun opp ein haug med oppskrifter... Men med kyllingar, korleis bør dei stellast då? Med varmelampe og inne i hønsegården (som enda er utan høns)? Og når kan dei evt. sleppast ut? Fôring, både som kylling og etterkvart som dei blir eldre. Kva fôr, kor mykje, fri tilgang eller nokre gangar om dagen? Underlag inne? Flis og eller halm? Andedam som dei kan svømme litt i, kor stor bør den vere? Og korleis gjer ein det på vinterstid? Bør dei ha tak over uteområdet? Ute aleine på dagtid når ingen er på jobb, eller bør dei sleppast inn då? Korleis pleier mentaliteten på dei og vere, om dei er blitt håndtert som små? Kan dei gå saman med høner? Vi tenker på og gjerde inn hageflekken som er forran terrassen, og då har dei ly for regn under terrassen. Tenker også det kan vere greit og lage til ein vegg som kan vippast opp, så det på ein måte blir eit "hus" for dei der, som er enkelt å rydde.
  8. Eg og min sambuar har nyleg kjøpt oss eit småbruk, og eg inne på tanken på og kanskje kjøpe oss nokre høns, 5-6 stykk, med tid og stunder. Ønsker då i hovudsak høns som legger egg, men som også er greie og håndterbare. Eg har null niks nada peiling når det kjem til høns, så eg ønsker i grunn all mulig informasjon. Kva for utgiftspostar dei er (pris på fôr, utstyr, osv...), stell, korleis bør ute- og inneområda vere...? Veit ikkje heilt kor stort uteområde dei bør ha, men uteområdet eg ønskar og ha dei på, er bra stort nemlig Kva for utstyr trenger dei? Ja, enkelt og greit; ønskar all informasjon
×
×
  • Create New...