Jump to content

islandshøne

Medlemmer
  • Content Count

    1
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Nøytral

About islandshøne

  • Rank
    Nyklekt
  1. Hei! Eg har tre islandshøner som var klekte i mars. For eit par veker sidan, usikkert akkurat kva tid, oppdaga eg bloddråpar på vannautomaten. Eg vaska og desinfiserte den med ein gong, og sjekka om hønene verka sjuke. Det gjorde dei ikkje. For akkurat ei veke sidan oppdaga eg at det eine oppførte seg merkeleg. Den var kvikk i kroppen, men hadde slutta å klukke. I staden hadde den nokre høglydte host eller skrik som likna på lyden av ein måse. Den hadde også diaré og gjekk rundt og gapte og strekte hals - litt som eit gjesp. Tre dagar seinare var høna slappare og hadde begynt å halte, og eg bestemte meg for å isolere den. No har den vore isolert i fire dagar, og forma er uendra. Den haltar framleis, verkar nesten lam på eine foten (men foten peikar ikkje framover - den har "normal" stilling). Elles er ho litt lav bak, og sit mykje og sturer. Eg kan ikkje høyre surkling eller andre lydar frå høna, og i dag hadde ho meir "normal" stemme då eg såg til henne. Eg har ikkje observert noko meir blod, men det ser heller ikkje ut til at høna et eller drikk noko særleg. Har de nokon tankar om kva som feiler høna? Eg kan ikkje finne informasjon om ein sjukdom som har alle desse symptoma. Kan ho ev. ha fleire sjukdomar på same tid? Kva skal eg eventuelt gjere? På førehand takk for svar! Helsing Kristi
×
×
  • Create New...