Det var eit ufatteleg trist syn som møtte meg i går, då eg tok min daglege tur til hønsa. 2 revar hadde klart å ta seg inn i ute garden. Blandings flokken min som inneholdt: 0.1 Orpington. + Mi aller første høne 0.1sølvfarga Italiener, forsvunne. 1.1 Dverg kochin +, hanen lever. 1.1 mix svarthøns + 0.1 mix kvit silke/italiener +. 1.2 Favorolle +. 0.1 i live 0.1 Hademora +. 0.1 i live. 1.0 Brahma +. 0.2 i live, den eine hardt skada. 0.2 ender i live. 1.0 Blå påfugl i live. 0.2 gards mix i live. På tre av hønsa er store delar av kroppen fortært. Flokken har gått fritt på dagtid og er sikra i ein trygg utegarde under stabburet om natta. 10 høns låg døde, 1 forsvunne. 2 var skada, den eine vart avliva med det samme. Den andre lille brahma høna hadde sår, halta og var skada ved det eine auget. Det er tydelig at alle hønsa er traumatiserte, endene viser tydeleg omsorg til den skadde. Resten av flokken vart flytta inn i stabburet og pleia etter alle kunstens reglar, eg brukte god tid for å studere alle.Kose med å god snakke. Det er berre så ufatteleg trist! Her kom dei seg inn, på det høgste berre 10 cm. I dag tidleg klokka 0845 vart den eine av 2 revar drept, den andre klarte å stikke. Revejeger Jonny var treffsikker, reve tispa døde momentant.