Jump to content

Nedkjølt andeunge


espen

Recommended Posts

Den eine moskusand-ungen min (2-3 veker) har ikkje kome seg opp av baljen tidsnok. Når eg kom inn hang den med halsen/hovudet over kanten, og resten av kroppen i vatnet. Den verkar slapp og var litt blå på nebbet. Fekk han inn, la han attmed ein varmeovn inni eit handkle. Han klarde ikkje å bevega halsen, han berre hang med hovudet.

No er han tørr, og held hovudet oppe. Han pip og skjelv kraftig, og beina hans sprikar, så han går ikkje heilt normalt.

Har gitt han mat og vatn, og han skal få sova inne i huset med oss i natt.

Kva som gjer det med dei sprikande beina, er det ein varig skade?

Link to comment
Share on other sites

Espen så du skrev: Ikke kommet ut av baljen tidsnok, kanskje det er at den ikke klarte og komme ut av baljen ?

Ja, det var det eg meinte.

Såg han og dei 2 andre ungane bada i lag før i dag, dei andre kom seg sjølsagt opp, men det har ikkje denne klart. Men eg trudde kanskje at andemor hadde gått oppi for å prøva å hjelpa han?

Link to comment
Share on other sites

Oppdatering:

Andungen er oppe å går. Har slutta å skjelva og ser ut til å ha det bra. Han har ete og drukke vatn. Han skal få vera inne i varmen i natt, så håpar eg at det går bra å ha han ut i fjøsen i morgon ;)

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...