Gå til innhold

pris på mategg?


lofothanen

Anbefalte innlegg

Las nett ein tilsvarande tråd på eit svensk forum. Der tek óg dei fleste 3,- pr egg, gjerne både små og store egg i kartongen.

Eg vil mykje heller betale for egg frå lukkelege "gammaldagse gardshøns" (økologisk eller ei) enn å kjøpe økologiske egg frå såkalla frittgåande høns..

I dag plukka eg mine første egg frå eigne ordentleg frittgåande høns  :wink:

Om folk spør om å få kjøpe tenkjer eg å ta 3,- pr egg, og det vil vere blanding av små og store egg. Vil dei ikkje betale det fyller eg heller opp fryseboksen med heimebakst eller brukar egga som shampoo (jada, har prøvd og det funkar supert)  :angel:

Familie og nære vener skal sjølvsagt få nokre egg i byte mot matrester til hønsa ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

avem

brukte egg til å blande ut hårfarge før, supert!! veldig bra for håret.

og de fleste som får hilse på hønene synes ikke det er dyrt med 3 kr pr egg, la kundene forstå hvor heldige de er!! dette er eksklusiv mat som ikke fåes i butikken, om vi skulle solgt med fortjeneste hadde det vært helt andre tall! det er jo derfor butikk egg ikke kommer fra lykkelige hobbyhøns  :angel:

jeg forteller dem som får kjøpe egg av meg at det de betaler dekker foret til hønene, resten tar jeg, dvs utstyr spoon osv. og ikke minst jobben!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg synest 3 kroner ikkje er ein upris. Egg frå frittgåande høns er faktisk mykje meir næringsrike,

enn egg frå produksjonshøns.

I tilegg har egga mykje fastare kvalitet og er mykje gulare (pga betakaroten, fargen i gulrot) enn egg frå produksjonshøns.

Egg frå frittgåande høns inneheld blant anna:

1/3 mindre kolestrol.

1/4 mindre sulfat.

2/3 meir vitamin A.

2 gongar meir omega 3 feittsyrer.

3 gongar meir vitamin E.

7 gongar meir betakaroten.

Dei inneheld også 6-7 gongar meir vitamin D. Enn hos prod. høns.

Dette er vel eit godt argument når ein tenkjer på pris?

Egg vert betegna som "Naturens egen vitamin pille". Men- NB! Må ikkje svelgast heile  :angel:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre kjekt  :smiley:

Prisilla, kan eg få bruke dei opplysningene på heimesida mi?
Ja klart det  :grin:

Dette er noko alle som har høns, og vil selge egg bør bruke som argument og sette fokus på.

Eg har "forska" litt på dette med egg, om du vil finn du meir på heimesida mi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...