Gå til innhold

GryNistadFrankland

Medlemmer
  • Innlegg

    5
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av GryNistadFrankland

  1. Hehe,-ja eg og fann ut at Maran er ein fransk hønserase...Men synest det er tøfft at nokon egg er so mørke at dei er nesten svarte. Får ein slike egg av kobberhals Maran, tru? Eller kansje eit og anna av egga vert den fargen?
  2. Takk for det!ombestemmer meg sikkert mange ganger fram til våren-og kjenner eg meg sjølv rett vert det fleire fuglar enn eg hadde tenkt...Men so gøy å planlegge;)
  3. Wow-so stilig!Det skal eg lese meir om. Lurer på om det er mogeleg å få kjøpt slike her i landet?
  4. GryNistadFrankland

    Maran

    Hei eg vurderer å skaffe meg Maran høner, og vil gjerne ha dei heilt mørkaste brune egga. Eg har lest ein plass at nokon typer Maran legg meir mørkebrune egg enn andre typer..Er det nokon her på forumet som veit kva type eg bør satse på då?
  5. Hei! Eg heiter Gry og har vore medlem ei stund, og kosa meg med spennande innlegg frå andre medlemmer. Tøffer meg opp og slenger inn eit innlegg sjølv og . Eg er 45 år, er gift, 2 born på 7 og 8 år, har ein liten hund og ein katt.Har hatt høns i hagen ein periode-men trengte eit meir tilrettelagt hønsehus,-og har derfor hatt ein hønefri sommar. Både eg og naboen saknar å vakne opp til eit duggfriskt kykkeliky,-og gler meg til å få høns igjen. Men denne gangen skal eg ikkje ha meir enn 3-4 høner og ein hane. Nyyyter den luksusen det er å velge kva type høner eg skal ha,-må nesten vere litt gjennomtenkt synest eg..For tida tenker eg; ein araucana (mykje pga eggfargen, trivelege høner, flinke til å ruge, ser morsome ut), 2 Maran (og mykje pga eggfargen, har ikkje hatt den typen før men likar det eg les om den), Fønix hane (pga utsjånad...)..Kva synest de-god plan?
×
×
  • Opprett ny...